Rom 1

Rom 2

Rom 3

Ok

Ope hus med FUNKYTOWN

Ope hus med Funkytown 14. oktober! Foto: Pressebilete 

Ope hus med Funkytown 14. oktober! Foto: Pressebilete 

Laurdag 14. oktober inviterer me til ope hus på Klingenberg Hotel med "det beste og mest audmjuke partybandet" i Noreg - FUNKYTOWN. Vår eigen Odd Einar Nordheim er eminent frontfigur, og med seg har han Bredo Bråthe, Knut Andre Bjerke, Pål Gilberg og Odd Inge Rand i bandet. 

Funkytown har vitja Årdal før - så me veit alle at dei er eit fantastisk bra band som meistrar det meste av det musikkhistoria har å by på frå dei siste 40 åra. Ein kveld med Funkytown er som å vera i ein hitparade utan like. Det er klart du må få med deg dette!

Dørene opnar 22.30
Inngang kr. 200,-
18 år, legitimasjonsplikt

VELKOMEN!