Rom 1

Rom 2

Rom 3

Ok

Ledig stilling som frukostvakt

Klingenberg Hotel søkjer kvalitetsbevisst og serviceinnstilt servitør til å ta frukostvakter, i tillegg til ekstravakter i serveringa. Aktuelle arbeidsoppgåver er servering av frukost, servering i restauranten og kundehandsaming.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

- Du er fleksibel, kvalitetsbevisst og har godt humør

- Du jobbar godt, nøyaktig og effektivt

- Du samarbeider godt i team med andre, men jobben krever også at du kan ta ansvar sjølv og jobba sjølvstendig

- Du er ryddig, ansvarleg, lærevillig og positiv

- Du kan ta helgevakter

KOMPETANSE:

- Norsk skriftleg og munnleg

- Gjerne erfaring frå liknande arbeid

KLINGENBERG HOTEL KAN TILBY:

- Deltaking i Klingenberg Hotel si spennande verksemd

- Løn etter avtale

- Opplæring

- Godt arbeidsmiljø med trivelige kollegaer

- Nyttig arbeidserfaring

Frukostvaktene inneber ei arbeidstid mellom 05.30 og 11.00, og stillingsprosenten er førebels sett til 60%. 

Klingenberg Hotel er eit heilårsdrive hotell på Årdalstangen. Følg lenkja nedanfor for meir informasjon om Årdal, våre aktivitetar og samarbeidspartnarar: www.vettisriket.no

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Vivian på tlf 57665814 eller per epost. Er du personen me ser etter så send søknad snarast til: vivian@klingenberghotel.no