Rom 1

Rom 2

Rom 3

Ok

Vinteropplevingar i Årdal

 Trugetur i magisk kveldslys på Tyin. Foto:  Bulder & Brak Opplevingar

Trugetur i magisk kveldslys på Tyin. Foto: Bulder & Brak Opplevingar

Klingenberg Hotel tilbyr vinteropplevingar i samarbeid med lokale opplevingsbedrifter. Årdal er eit eldorado for naturopplevingar og magisk vinterlandskap ventar på deg.

Trugeturar

Bulder & Brak Opplevingar tek deg med glede med på trugetur med utsikt over Sognefjorden, i snøkledd furuskog i Ofredalen eller til fjellgardane i Utladalen. Du kan også leiga truger ved Klingenberg Hotel, dersom du helst vil gå på tur utan guide. 

Vinterpadling

Bulder & Brak Opplevingar tilbyr også guida kajakkturar vinterstid både i Sognefjorden og på Årdalsvatnet. Les meir om dette her: vinterpadling .

Rib-safari

Adventure Tours Norway i Skjolden tek deg gjerne med på ein fjordtur i ein av sine rib-båtar. Dette tilbodet startar i mars.

Luster Nature Guides på Ytre Eikjo tek deg gjerne med på ein fjordtur i sin rib-båt. Passar grupper under 12 personar. På førespurnad.

Årdalsfjorden og Lustrafjorden er naturleg kopla saman og desse to fjordarmane representerer ein rolig del av Sognefjorden med rikt dyreliv og vakkert landskap. 

Ta kontakt med oss for booking og meir informasjon.

Tyin Filefjell Skisenter

Har du bil og har lyst til å bruka ein dag eller kveld i skibakken, så er Tyin Filefjell Skisenter omlag 50 min køyring unna frå Årdalstangen. Gå inn på nettsida deira for å finna informasjon om prisar, utstyrsleige og opningstider. Skisenteret ligg vakkert til i høgfjellet, og er eit svært snøsikkert anlegg. Moglegheitene for enkle toppturar er også svært gode i området rundt skisenteret, sjå berre HER