Våre tilbod til grupper og bedrifter
Få opplevingar i verdsklasse
Kom til vakre Årdal og få naturopplevingar i verdsklasse i samband med kurs, samlingar, møte eller sosiale samlingar for deg og di verksemd eller din organisasjon.
Klingenberg Hotel samarbeider med fleire andre aktørar gjennom www.vettisriket.no – og kan såleis skreddarsy standard konferansepakker med opplevingar og aktivitetar som ein del av programmet.
Standard gruppepakker kan ha følgjande innhald:
- Overnatting i standard rom med frukost
- 2 retters lunsj med inspirasjon frå nærområdet
- 3 retters middag med inspirasjon fra nærområdet
- Konferanserom med moglegheit for tilpassing
- Kaffe og te vert servert i våre flotte opphaldsrom eller ute i hagen ved fjordkanten
- Standard teknisk utstyr i møterom
- Opplevingar i Eldhuset vårt som ein del av opplegget
Denne pakka kan oppgraderast til å innehalda aktivitetspakkar knytt til fjord og fjell som du ikkje finn make til andre stader, eit besøk i hotellet sitt eige eldhus med ølbrygging og ølsmaking på menyen, eller med føredrag om fjellpionerane på 1800-talet og deira tilknyting til hotellet, Årdal si industrihistorie, Årdal si kulturhistorie eller formidling kring Edvard Grieg sine turar til Jotunheimen/Utladalen med musikkinnslag til. Kontakt oss for detaljar kring dette.
Pakka kan også oppgraderast til å inkludera ein fantastisk festmiddag.
Ta kontakt med vår salsavdeling for meir informasjon og skreddarsaum som passar akkurat dine behov!
Våre fasilitetar:
- 49 rom (95 sengeplasser)
- 3 konferansesaler; totalt 100 pers.
- Grupperom i tilknyting til hotellet
- Restaurant, kafé og bar for 60 + 40 pers.
- Salong med plass til 40 pers.