Rom 1

Rom 2

Rom 3

Ok

Kurs og konferanse ved Best Western Klingenberg hotel.

Få opplevingar i verdsklasse.


Kom til vakre Årdal og få naturopplevingar i verdsklasse i samband med ditt kurs eller din konferanse.

Best Western Klingenberg Hotel samarbeider med fleire andre aktørar gjennom www.vettisriket.no – og kan såleis skreddarsy standard konferansepakker med opplevingar og aktivitetar som ein del av programmet.

Standard konferansepakker kan ha følgjande innhald:

  • Overnatting i standard rom med frukost
  • 2 retters lunsj med inspirasjon frå nærområdet
  • 3 retters middag / buffet i sommersesongen, med inspirasjon fra nærområdet
  • Konferanserom med moglegheit for tilpassing
  • Kaffe og te vert servert i våre flotte opphaldsrom eller ute i hagen ved fjordkanten
  • Standard teknisk utstyr i møterom

Denne konferansepakka kan oppgraderast til å innehalda aktivitetspakkar knytt til fjord og fjell som du ikkje finn make til andre stader, eit besøk i hotellet sitt eige eldhus med ølbrygging og ølsmaking på menyen, eller med føredrag om fjellpionerane på 1800-talet og deira tilknyting til hotellet og/eller Årdal si industrihistorie.

Konferansepakka kan også oppgraderast til å inkludera ein fantastisk festmiddag.

Ta kontakt med vår salsavdeling for meir informasjon og skreddarsaum som passar akkurat dine behov!

Våre fasilitetar:

  • 49 rom (95 sengeplasser)
  • 3 konferansesaler; totalt 100 pers.
  • Grupperom i tilknyting til hotellet
  • Restaurant, kafé og bar for 60 + 40 pers.
  • Salong med plass til 40 pers.