|
DER SOGNEFJORDEN GÅR PÅ LAND..
I 1861 opna Jens Klingenberg Prestegård skysstasjonen som seinare vart Klingenberg Hotel.
Verten gjekk under navnet Store Jens og var ein dugande skysskaffar og fjellførar.
Gjestene var for det meste fjellklatrarar og fjellvandrarar som ville utforske Utladalen og Jotunheimen.
Vi er særs stolte av våre røter, og dei er med oss kvar dag.
Personlegdommar som har prega hotellet si historie heng i glas og ramme i fellesareala.
Jan Schwarzott har vidareført denne viktige sjela til hotellet. Gjennom sine bilete har
han fått naturen og historia inn i korridorane og romma på hotellet, med ein kjærleik og
grundigheit som er varemerket til kunstnaren.
På Klingenberg Hotel er fjorden og fjella nære både ute og inne, og huset lever med naturen
sine variasjonar. Sidan hotellet vart bygd på naturen sine premissar, har vi understreka
dette samspelet ved å la bygget følgje linjene i naturen. Fasaden vår vestover er ei langstrakt
bølgje som ynskjer Sognefjorden velkommen på land.
William Cecil Slingsby (1849 - 1929). Britisk fjellklatrar, vandringsmann og ein av mange kjende personar
som vitja hotellet ofte sist på 1800 talet.
|
|