OPPLEVINGAR:

  
Oasar med fred og ro i Årdal
  
Opplevingar i og omkring Årdal
  
Sognefjordcruise


  FJELL FJORD & NATUR....
  ...i overflod er naturlege stikkord for eit besøk i
  Årdal.
  I slike omgjevnader er det ikkje vanskeleg å finna
  ekstreme aktivitetar, som set både fysikk og sjel
  på alvorlege prøver. Men i det mektige og veldige
  i naturen rundt oss, er det og lommer med fred
  og ro, ei ro som kjennest enno sterkare nettopp
  på grunn av slike store kontrastar i naturen. Slike
  lommer kan du blant anna finna i Offerdalen,
  Avdalen, Nundalen og ved Naturhuset under Skåri
  i Utladalen.

    Offerdal

    Ølbrygging i eldhuset i Offerdal

    Offerdal utgjer og ein sentral del av Årdal si industrihistorie. Her var blant anna steinhoggeri tidleg på 1900-talet. Blant anna er det levert stein til Grand Hotell i Oslo frå Offerdalen. Særleg den kvite sterke granitten var ettertrakta...


    Avdalen

    Frå Avdalsskåri, på veg til Avdal Gard

    Ein avstikkar på vegen, fører deg opp til Avdalen gard, ein nyrestaurert, fråflytta fjellgard. To stiar fører til målet. Den luftige går via Avdalsskori, som ligg på ei naturleg hylle i fjellsida. Turen gjev eit formidabelt utsyn over Utladalen. Den andre turen gjev og godt utsyn, men vandraren kjenner seg her på tryggare grunn. Tidsbruken er om lag den same.


    Sletterust

    Parti frå vegen Sletterust-Heirnosi

    Ein sykkeltur utanom det vanlege går frå damvaktarbustaden på Sletterust og ut til "1000-meteren", eller Heirsnosi som toppen eigentleg heiter. Strekninga osar av gamal anleggs- og krafthistorie. Vel ute på toppen, møter den reisande eit vakkert utsyn både mot Øvre Årdal 1000 meter rett ned og innover mot tinderekkene i Jotunheimen.


    Naturhuset og Vettisfossen

    Naturhuset "Under Skåri"
    Vettisfossen, kongen blant fossar i Noreg

    Eit besøk i jotnane sitt rike er verd å ta med seg. Ikkje minst til Vettisfossen, sjølve kongen blant fossar i Noreg. Ikkje er han så vanskeleg tilgjengeleg heller. Med bil til Hjelle, er Vettisfossen berre eit par timar spasertur unna. Dei siste 20 minuttane, frå Vetti Gard og Turiststasjon, går langs ein kronglete men sikra sti. På vegen framover, er Hjellefossen og Avdalsfossen spennande apertiffar til det som ventar inne i Styggegjeli. Høljafossen, med ein stor laguneliknande kulp omgjeven av frodig vegetasjon, er og ei kvila for auga midtveges i Høljabakken.

    Vettisfossen er eit mektig syn nede frå Utla, med sitt frie fall på 273 meter. Heilt inne i det hesteskoforma gjelet kastar fossen seg utføre stupet.


© 2006 Klingenberg Hotel