hotel, hotell, overnatting, årdal, ardal, aardal, sogn, sognefjellet, sognfjorden, sognefjorden, lærdal, villakssenteret, villaks, laks, laksefiske, hydro, norsk hydro, klingenberg, flåmsbana, fiske, mat, uteservering, turistinfo, fjellføring, jotunheimen, vetti, vettifossen, vettisfossen, utladalen, jostedalen, breheim, isbre, sletterust, sognefjordcruise, breheimsenteret, Offerdalen, Avdalen, Nundalen, Naturhuset, Skåri, Utladalen, ofredal, offerdal, utladal, ferie, vestlandet, aurland, geiranger, øvre årdal, verket, b&b, bed, breakfast, camping, rom, hotellrom, arrangement, arrangementer, møte, seminar, kurs, konferanse,

Der sognefjorden går på land...
Where Sogne fjord comes ashore...
Dort, wo der Sognefjord an Land geht...

Klingenberg Hotel AS
6885 Årdalstangen

Tel: (+47) 57 66 58 00
Fax: (+47) 57 66 58 02
E-mail: post@klingenberghotel.no
Internett: www.klingenberghotel.no

Antall rom: 49 (95 sengepl.) Konferansesal: 3 stk; totalt 100 pers. Grupperom: 5 stk á 6-10 pers. Trimrom: 20 pers. Restaurant: 85 pers. Selskapslokale: 200 pers. Bar: 80 pers. Salong: 40 pers. Uteservering/hage: 40 pers. Nattklubb: 130 pers.

Der Sognefjorden går på land

I 1861 Åpna Jens Klingenberg Prestegård skysstasjonen som seinare vart Klingenberg Hotel. Verten gjekk under navnet Store Jens og var ein dugande skysskaffar og fjellførar. Gjestene var for det meste fjellklatrarar og fjellvandrarar som ville utforske Utladalen og Jotunheimen. Vi er særs stolte av våre røter, og dei er med oss kvar dag. Personlegdommar som har prega hotellet si historie heng i glas og ramme i fellesareala. Jan Schwarzott har vidareført denne viktige sjela til hotellet. Gjennom sine bilete har han fått naturen og historia inn i korridorane og romma på hotellet, med ein kjærleik og grundigheit som er varemerket til kunstnaren. På Klingenberg Hotel er fjorden og fjella nære både ute og inne, og huset lever med naturen sine variasjonar. Sidan hotellet vart bygd på naturen sine premissar, har vi understreka dette samspelet ved å la bygget følgje linjene i naturen. Fasaden vår vestover er ei langstrakt bølgje som ynskjer Sognefjorden velkommen på land.
William Cecil Slingsby (1849 - 1929). Britisk fjellklatrar, vandringsmann og ein av mange kjende personar som vitja hotellet ofte sist på 1800 talet.

Mat og drikke i store jens restaurant og mohns bar
Vi er stolte av kjøkkenet vårt, som har et sterkt lokalt tilsnitt. Vi får bær som er dyrka lokalt, serverer vilt som har sprunge i fjella rundt oss, og på varme sensommarkvelder kan du nyte kreps som er fanga rett ute i fjorden, bare noen meter fra hotellet. Selv om maten har endra seg mye, er lukta av nykokt kaffe den samme som den var da hotellet starta i 1861, og velkommen tyder det samme nå som da.

Jobb, velvære, trening og hygge
Et hotellopphold kan være så mye; et sted å trekke seg tilbake, lade opp og hente nye krefter. Det kan være et sted å jobbe, et sted for samvær, et sted for å slappe av i en god stol. Eller noe helt annet. Vi er opptatt av at det er ditt opphold - dine valg. Det viktigste vi vil gi deg er friheten til å gjøre det du vil - fortell oss hva vi kan gjøre for at ditt opphold hos oss blir best mulig for deg.

Opplevelser i og rundt Årdal
Lengst inne i den 20 mil lange Sognefjorden, der Utladalen fører fjorden videre inn i landskapsvernområdet og Jotunheimen nasjonalpark, ligger idylliske Årdal, bygda med rike industritradisjoner. Den geografiske plasseringen gjør Årdal til et naturlig utgangspunkt både for aktiviteter i det djupeste dalføret i Noreg, Utladalen, fjordbaserte aktiviteter eller besøk til andre attraksjoner i regionen. I Årdal er det lett å finne roen.

Breheimsenteret i Jostedalen / The Visitor's Centre at the entrance to Jostedal Glacier National Park / Gletscherzentrum in Jostedalen
Flåmsbana svingar seg i vakker natur / The Flåm Line winding its way through beautiful scenery / Die Flåmbahn inmitten bezabernder Natur
Spektakulær lyssetting i den lengste vegtunnellen i verda / Spectacular lighting in the world's longest road tunnel / Atemberaubende Beleuchtung im längsten Tunnel der Welt
Frå Villakssenteret i Lærdal / From the Wild Salmon Centre at Lærdal / Wildlachszentrum in Lærdal
Blåberggruvene, i drift på 1700-talet / The Blåberg copper mines, dating from the 1700s / Blåberggruben, Bergbau im 18. Jh.
Anlegget "Ne fø sjøen" i Indre Offerdal / The working museum of the old fjord community at Indre Offerdal / Hofanlage "Ne fø sjøen", Indre Offerdal
Sognefjordcruise ved Solvorn / Sogne Fjord cruise at Solvorn / Sognefjord-cruise am Solvorn
Fjellfiske i Torolmen ved Sletterust / Mountain fishing in Torolmen at Sletterust / Gebirgsangeln im Torolmen bei Sletterust
Naturhuset under Skåri i Utladalen / The Nature Centre at Skåri farm in Utladalen / Naturhaus auf dem Hof Skåri, Utladalen
Vettisfossen; mål for fotvandrarar / Vettisfossen waterfall - a favourite destination for hikers / Vettisfossen; Ziel für Wanderer

Fjell fjord & natur
i overflod er naturlige stikkord for et besøk i Årdal.
I slike omgivelser er det ikke vanskelig å finne ekstreme aktiviteter, som setter både fysikk og sjel på alvorlige prøver. Men i den mektige og veldige i naturen rundt oss, er det og lommer med fred og ro, en ro som kjennes enda sterkere nettopp på grunn av slike store kontraster i naturen. Slike lommer kan du blant annet finne i Offerdalen, Avdalen, Nundalen og ved Naturhuset under Skåri i Utladalen.

Ølbrygging i eldhuset i Offerdal
Offerdal utgjer og ein sentral del av Årdal si industrihistorie. Her var blant anna steinhoggeri tidleg på 1900-talet. Blant anna er det levert stein til Grand Hotell i Oslo frå Offerdalen. Særleg den kvite sterke granitten var ettertrakta...

Frå Avdalsskåri, på veg til Avdal Gard
Ein avstikkar på vegen, fører deg opp til Avdalen gard, ein nyrestaurert, fråflytta fjellgard. To stiar fører til målet. Den luftige går via Avdalsskori, som ligg på ei naturleg hylle i fjellsida. Turen gjev eit formidabelt utsyn over Utladalen. Den andre turen gjev og godt utsyn, men vandraren kjenner seg her på tryggare grunn. Tidsbruken er om lag den same.

Parti frå vegen Sletterust-Heirnosi
Ein sykkeltur utanom det vanlege går frå damvaktarbustaden på Sletterust og ut til "1000-meteren", eller Heirsnosi som toppen eigentleg heiter. Strekninga osar av gamal anleggs- og krafthistorie. Vel ute på toppen, møter den reisande eit vakkert utsyn både mot Øvre Årdal 1000 meter rett ned og innover mot tinderekkene i Jotunheimen.

Vettisfossen, dronninga blant fossar i Noreg

Eit besøk i jotnane sitt rike er verd å ta med seg. Ikkje minst til Vettisfossen, sjølve dronninga blant fossar i Norge. Ikkje er ho så vanskeleg tilgjengeleg heller. Med bil til Hjelle, er Vettisfossen berre eit par timar spasertur unna. Dei siste 20 minuttane, frå Vetti Gard og Turiststasjon, går langs ein kronglete men sikra sti. På vegen framover, er Hjellefossen og Avdalsfossen spennande apertiffar til det som ventar inne i Styggegjeli. Høljafossen, med ein stor laguneliknande kulp omgjeven av frodig vegetasjon, er og ei kvila for auga midtveges i Høljabakken.
Vettisfossen er eit mektig syn nede frå Utla, med sitt frie fall på 273 meter. Heilt inne i det hesteskoforma gjelet kastar fossen seg utføre stupet.

Food & drink in the "store jens" restaurant and mohns bar
We are proud of our cuisine, which has a strong local accent. We obtain berries produced locally, serve game that has frisked happily on the surrounding heights, and on those hazy, late-summer evenings you can enjoy crab caught straight from the fjord, just metres from the hotel. Although the fare may have changed, the fragrance of freshly brewed coffee is the same as it was when the hotel opened in 1861, and "welcome!" means the same now as then.

Work, wellbeing, fitness and fun
A hotel stay can be so many things: a place to get away from it all, recuperate and find new strength. It can be a place to work, a place for togetherness, a place to sink down into a comfortable armchair. Or something entirely different. We are dedicated to making this your personal stay - to giving you choices. The most important thing we can give you is the freedom to enjoy what's right for you. Let us know what we can do to make your stay with us as rewarding for you as possible.

Experiences in and around årdal
Farthest inside the 20-mile-long Sogne Fjord, where Utladalen carries the fjord deeper into the National Park region, lies idyllic Årdal, a village rich in small-industry traditions. The geographical location makes Årdal a natural starting point for activities in Utladalen - the deepest valley in Norway, fjord activities, or visits to other attractions in the region.
Årdal - where peace and calm are all around.

An abundance of MOUNTAIN, FJORD AND NATURE ....
..is an appropriate key phrase for a visit to Årdal. In surroundings such as these it is not difficult to find opportunities for extreme experiences - activities that challenge both body and soul. Still, in this mighty and awesome nature there are pockets of peace and quiet, providing a sensation of serenity enhanced by precisely those same natural contrasts. Examples of these quiet pockets are: Offerdalen, Avdalen, Nundalen and at the "Nature House" under Skåri in Utladalen.

Brewing beer in the old "firehouse" in Offerdal
Offerdal is a central location in the industrial history of Årdal. Among other activities, there was a rock quarry here early in the previous century. Stone for Grand Hotel in Oslo, among others, was quarried in Offerdalen, and it was particularly the white, hard granite that was in demand.

View from Avdalsskåri on the road to Avdalen Farm.
A side road takes you up to Avdalen Farm, an abandoned, but recently renovated mountain farm. Two different paths lead to your destination; the high mountain path goes via Avdalsskåri, which is located on a natural ledge in the mountainside. This path gives you an impressive view of Utladalen. The other path is also a scenic route, but here you will definitely feel on safer ground. The time required is about the same on both paths.

View from the road between Sletterust to Heirnosi.
This is a rather unique bicycle trip. It starts at the old dam-attendant's house at Sletterust and proceeds to the "thousand metre summit" or Heirnosi by its proper name. The route is replete with historic relics from the power development era. Upon reaching the top, you are rewarded with a beautiful view of both Øvre Årdal a thousand metres straight down, and to the rows of pinnacles in Jotunheimen.

Vettisfossen, the queen of Norwegian waterfalls.
A visit to the kingdom of the "Jotuns" (trolls) is an unforgettable experience, particularly a close look at Vettisfossen; the queen of Norwegian waterfalls. The waterfall is actually quite easy to reach; after going by car to Hjelle, Vettisfossen is only a two hours walk away. The last 20 minutes from Vettis Farm and the tourist station are spent on a tortuous but secured path, and as you proceed, Hjellefossen and Avdalsfossen give you a couple of exciting previews of what awaits you in Styggeli. The same can be said of Høljafossen, which descends into a pool that looks like a large lagoon surrounded by lush vegetation; a rest for tired eyes half way up Høljabakken.
Vettisfossen has a free fall of 273 metres and is an impressive sight when viewed from Utla. From deep in a horseshoe-formed ravine the water is jettisoned into the abyss..

Essen und trinken im restaurant store jens und in mohns bar
Wir sind stolz auf unsere Küche, die einen ausgeprägt lokalen Zuschnitt hat. Wir verwenden Beeren, die in der Umgebung wachsen, servieren Wild, das in den Bergen rund um uns herum geäst hat, und an warmen Sommerabenden können Sie Flusskrebse genießen, die direkt im Fjord, nur einige Meter vom Hotel entfernt, gefangen wurden.

Arbeit, wohlbefinden, training und gemütliches beisammensein
Ein Aufenthalt im Hotel kann so viel bieten: einen Ort, an dem man sich zurückziehen, seine Batterien aufladen und neue Kräfte sammeln kann. Es kann auch ein Ort sein, an dem man arbeitet, an dem man andere trifft oder an dem man sich einfach in einen bequemen Sessel fallen lässt. Oder an dem man ganz andere Dinge tut. Wir legen Wert darauf, dass Sie spüren, dass es sich um Ihren Aufenthalt handeln - um Ihre Entscheidungen.

Erlebnisse in und um årdal
Der idyllische Ort Årdal mit seiner vielseitigen Industriegeschichte liegt im Innersten des 200 km langen Sognefjords, dort, wo das Utladalen den Fjord mit dem Naturschutzgebiet und dem Jotunheimen Nationalpark verbindet. Seine geografische Lage macht Årdal zu einem natürlichen Ausgangspunkt für Aktivitäten im tiefs
In Årdal findet man leicht Ruhe.

Berge, fjorde & natur...
im Übermaß - das erwartet die Besucher in Årdal! In einer solchen Umgebung ist es nicht schwer, Aktivitäten zu finden, die so extrem sind, dass sie sowohl Körper als auch Seele auf die Probe stellen. In dieser mächtigen und gewaltigen Natur, die uns umgibt, gibt es jedoch auch Oasen des Friedens und der Ruhe, einer Ruhe, die man hier noch stärker empfindet aufgrund der enormen Kontraste in der Natur. Eine solche Oase können Sie unter anderem in Offerdalen, Avdalen, Nundalen und am Naturhaus unterhalb von Skåri in Utladalen finden.

Das Brauen von Bier im Küchenhaus von Offerdal
Offerdal bildet außerdem einen bedeutenden Bestandteil von Årdals Industriegeschichte. Hier wurde unter anderem zu Beginn des 20. Jh.s Stein abgebaut. Von Offerdalen wurde auch Stein für den Bau des Grandhotels in Oslo geliefert. Besonders der weiße, harte Granit war sehr gefragt.

Von Avdalsskåri auf dem Weg zum Hof Avdal
Ein Abstecher auf dem Weg führt Sie hinauf zum Hof Avdalen, einem verlassenen, allerdings wieder restaurierten Bergbauernhof. Zwei Wege bringen Sie ans Ziel: Der "luftige" führt über Avdalsskåri, das auf einem natürlichen Absatz in der Bergwand gelegen ist. Auf diesem Weg hat man einen fantastischen Blick auf Utladalen. Auf dem anderen Weg hat man auch eine gute Aussicht, man fühlt sich hier jedoch etwas sicherer. Die Wanderungen sind etwa gleich lang.

Abschnitt auf der Strecke Sletterust-Heirnosi
Eine ganz außergewöhnliche Fahrradtour führt vom Haus des Dammwächters bei Sletterust hinauf auf den "Tausender", oder den Heirnosi, wie der Gipfel eigentlich heißt. Diese Strecke ist reich an Bau- und Wasserkraftgeschichte. Oben angekommen, hat der Radfahrer einen herrlichen Blick sowohl auf Øvre Årdal 1000 Meter direkt ins Tal hinunter als auch auf die Gipfelkette von Jotunheimen.

Der Vettisfossen, der König der Wasserfälle in Norwegen
Das Reich der Riesen ist einen Besuch wert, so auch der Vettisfossen, der König der Wasserfälle in Norwegen. Er ist zudem leicht erreichbar. Man fährt mit dem Auto bis Hjelle,von wo aus es nur noch zwei Stunden zu Fuß bis zum Wasserfall sind. Die letzten 20 Minuten vom Hof Vetti und der Touristenstation führen über einen unwegsamen, jedoch abgesicherten Pfad. Auf der weiteren Fahrt sind der Hjellefossen und der Avdalsfossen ein spannender Vorgeschmack auf das, was einen in der Styggegjeli erwartet. Der Høljafossen mit seinem großen, lagunenartigen Becken, umgeben von üppiger Vegetation, ist ebenso ein Genuss für das Auge auf halber Strecke am Høljabakken.
Unten von Utla aus bietet der Vettisfossen mit seinem freien Fall von 273 Metern einen beeindruckenden Anblick. Am innersten Teil der hufeisenförmigen Schlucht stürzt der Wasserfall den Abhang hinunter.


Opplev Årdal
Ethvert besøk, enten det er tilfeldig, en planlagt ferie, en gruppetur eller lignende, fortener skikkelige opplevelser. Fjell, fjord, natur og kultur i overflod er naturlige stikkord for et besøk i Årdal. I slike omgivelser er det ikke vanskelig å finne aktivitetar som, om ein ynskjer det, set både fysikk og sjel på alvorlege prøver. I det mektige og veldige rundt oss, er det også lommer med fred og ro. Ei ro som kan kjennast enno sterkare på grunn av dei store kontrastane i naturen.
Reiselivets medspelarar i regionen har både kunnskap og ressursar til å ta imot dei besøkande med sine ulike ynskjer og behov. Denne portalen gjev eit innblikk i tilbod og moglegheiter, men ta gjerne kontakt med Årdal Arrangement as, Reisemål Årdal, om du ynskjer svar på spørsmål, tilrettelegging av opphald eller andre tjenester.

Gamle “Tyinvegen”: Riksveg 53 - Heirsnosi - Riksveg 53.
Privat bilveg opp til “Tusenmeteren”, med panoramautsikt til mange av fjelltoppane i Hurrungane og Øvre Årdal. Turen tek omlag 6 timar t/r. Parkering ved informasjonsskilt, “firehundremeteren”, på riksveg 53. Ein kan og sykle gamle ”Tyinvegen” frå Sletterust (sjå Damvoktaren, under overnatting), og få ein sykkeltur i mektig landskap. Eit minne for livet.

Fjellvegen Årdal-Turtagrø "Tindevegen"
Sommarvegen som knyter Årdal til vegen over Sognefjellet. Ein biltur gjennom Jotunheimen med store naturopplevingar. Utgangspunkt for bestigning av Store Austanbotntind, 2204 m.o.h. Turtagrø er utgangspunkt for bestigning av Store Skagadølstind, ”Storen”, 2405 m.o.h. Strekninga Årdal-Turtagrø er 30 km. Bomveg. Ikkje eigna for bussar. Opnar 1. mai. Sjå elles Aktivitetar/dagsturar.

Fjordcruise
Ein båttur rik på opplevingar og strandhogg på stader med historisk fjordkultur. Båten går i rute 3 gonger i veka (laurdag, tysdag og onsdag) frå 7. juni til 30. august.
Charter
Ein nyttar M/S Sognefjell (70 pers) til charterturar i den indre sogneregionen, der til eksempel Offerdalsanlegget ”Ne fø sjøen”, Galleri Walaker i Solvoren, Ornes Stavkyrkje , Frønningen eller Nærøyfjorden kan nemnast som nokre av eit utal moglegheiter. For tinging av tur, vennligst ta kontakt med:
Sognefjorden AS, tlf. 57 66 00 55 / fax 57 66 58 02.

Hydro Årdal
Det var vasskrafta, verdas reinaste energiform, som gradvis endra Årdal frå eit fattig bondesamfunn til eit rikt industrisamfunn. Tyin kraftverk og seinare Fortun kraftverk la grunnlaget for og utbygginga av Årdal Verk, som formelt vart skipa den 28. januar 1947.
Seinare fekk vi den velkjende forkortinga ÅSV, Årdal og Sunndal Verk 1951-1986. Etter 1986 vart Årdal Verk etter kvart delt opp i sjølvstendige einingar under fellesnamnet Hydro Årdal.
I dag har vi følgjande einingar i Hydro Årdal: Årdal Metallverk, Årdal Carbon, T&OS, Fellestjenester (LSS), Forsyning, Hydro Produksjonspartner, Hydro Teknologi og Prosjekter Sogn, Hydro Energi,
Hydro einingane i Årdal har til saman omlag 1150 (31.12.2002) tilsette, med ein årleg omsetnad på omlag 4 milliardar kroner.

Indre Offerdal
Anlegget “Ne`fø sjøen” er eit sjeldan kulturminne frå overgangstida mellom bondesamfunn og industrisamfunn. Dei ti husa gir eit rett bilete av bygningsmiljøet frå den tida staden var ein arbeidsplass for mange menneske og ein heim for husbonden og familien hans, tenestefolket og kårfolk.
Årdal kommune fekk dette anlegget som ei gåve hjå eigarane, Ivar og Aslaug Offerdal. Ei gåve av så stor kulturhistorisk verdi, inneber eit stort ansvar når det gjeld vedlikehald, oppattbygging, vern og formidling.
På anlegget finn ein mellom anna mølle og sagbruk med oppgangssag som var i drift til inn på 1900-talet. Vasskrafta vart utnytta til å driva mølla og sagbruket, og ein vil finne eit velutstyrt gamalt postkontor, sjøbu og telegrafsentral med meir. Etter avtale, byr anlegget og på ølbrygging, smedarbeid, garnfarging så vel som fjordfiske.
Når du vitjar anlegget har du også eit ansvar, og vi ber om at du er varsam når du ferdast på anlegget. Dersom ein ønskjer meir informasjon, vennligst ta kontakt med:
Ofredal Tenester AS, tlf 57 66 00 44.

Kopargruvene
Årdal er i dag ei moderne industribygd. Sjølve industrihistoria starta på 1700-talet med utvinning av kopar på Grøndalsfjellet i Øvre Årdal. To Årdalsbønder på reinsjakt kom over ei koparåre i det 1500 meter høge Grøndalsfjellet nord for Øvre Årdal. Dette skulle bli starten på ei stor bergverksdrift som varte i 62 år. Ein kan finne meir frå denne epoken på Sogelaget sine sider, under ”det skjedde i Årdal”

Koparverkshuset
Det vart drive kopargruver fleire stader i Årdal. “Koparverkshuset” er det einaste kulturminne bygda har att frå gruvetida. Huset var Bergskrivaren sin bustad, og det var hovudbygningen for drifta, som totalt talde omlag 70 større og mindre hus. Dette huset var og kome bort frå bygda, men Sogelaget fekk kjøpt det tilbake frå Luster. Det står no i sentrum på Årdalstangen.

Naturhuset
Utstilling, Informasjonssenter m. film og Kafè
Besøk eit senter i ei naturperle av heilt spesiell og sjeldan karakter! Naturhuset finn ein i sjølve inngangen til Utladalen, og stiftinga Utladalen Naturhus sitt utstillings- og informasjonssenter held til i den gamle uthusbygningen og stovehuset på bruket Skåri ved Hjelle. Uthuset er frå 1912, medan stovehuset er opphaveleg omkring 200 år gamalt.
Naturhuset, som ligg i Utladalen landskapsvernområde, vart offisielt opna våren 1998 og blir drive av stiftinga Utladalen Naturhus. Naturhusets permanente utstilling i uthus/fjøs fortel om naturforhold og kulturhistorie i Vest-Jotunheimen. Utstillinga byr og på ein film som gjev eit snitt av det Utladalen og Vest-Jotunheimen byr på,, i tillegg til klatrehistorie. Elles vert huset nytta til ulike temautstillingar og vandreutstillingar. Statens naturoppsyn og Den Norske Turistforening har eigen informasjon i naturhuset. Stovehuset har møterom i stova, enkelt kjøkken og kontor for Årdal Turlag og Statens Naturoppsyn. Kafèdrifta er og i stovehuset.
Opningstida er frå 22 juni til omlag 20. august. For besøk utanom opningstid, ta kontakt med:
Stiftinga Utladalen Naturhus, Postboks 28, 6882 Øvre Årdal. Tlf. 57 66 15 70 el. 61 36 71 71.

Utladalen
Utladalen landskapsvernområde – Avdalen – Vetti
Utladalen landskapsvernområde vart oppretta ved Kongeleg resolusjon 5. desember 1980. Det verna området er på 314 km2 og omfattar eit område i Utladalen med sidedalar og fjellområde aust og søraust for Utladalen i Årdal og Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Landskapsvernområdet omfattar statsallmenning i dei høgareliggjande områda på austsida og privat grunn i dalområda.
Landskapsvernområdet utgjer store delar av Vest-Jotunheimen, og landskapet er prega av hovuddalføret Utladalen med sitt tronge gjel med V-forma snitt og ei rekkje med U-forma hengjedalar som alle munnar ut mot hovuddalen høgt oppe i liene. Desse trauforma sidedalane er gravne ut av brearmar som seig ned mot hovuddalføret.
Elva Utla har sitt utspring i breane inne ved grensene mot Lom. Nedover dalen tek Utla imot fossefall frå hengjedalane på vest- og austsida der ho pressar seg ned Vettisgjeli mot Årdal. På kvar side av dette fossegjelet stig bratte fjellsider over 1000 meter til vers. På austsida av Utladalen stig landskapet opp mot dei høgste tindane innafor landskapsvernområdet; Stølsnostind (2074 m o.h.) og Falketind (2067 m o.h.)
Praktiske opplysningar
Overnatting og merkte stigar: Det er fleire turisthytter i landskapsvernområdet. Mange av desse er gamle stølar eller gardar som er restaurerte. Årdal Turlag driv hyttene i Avdalen og Gravdalen. Vetti gard og turiststasjon tek imot gjester nede på garden om sommaren og driv sjølvbetjeningshytta Ingjerdbu oppe på Vettismorki.
I Stølsmaradalen og på Skogadalsbøen (sjølvbetjent utanom sesongen) driv Den Norske Turistforening turisthytte. Vormeli er ei privat hytte som er open for overnatting. Alle ubetjente og sjølvbetjente hytter er låste med DNT sin universalnøkkel.
Det går eit nett av merkte stigar mellom hyttene innan landskapsvernområdet og til hytter i nasjonalparken. Velkommen til Utladalen landskapsvernområde!
Avdalen gard
Avdalen gard ligg fint til i fjellsida over vakre Avdalsfossen i Utladalen. Garden vart rydda på 1500-talet. I 1962 vart garden fråflytt, men er no restaurert og satt i stand til bruk for servering, overnatting, møte og samlingar. Sesong frå 22 juni til 6. september. Kvernhuset er i drift med maling av korn. Det er omlag 20 sengeplassar på garden. Årleg arena for det svært spesielle ”Avdalsblues” arrangementet. Tlf. 94 57 08 29.
Vetti
Dei fyrste sikre kjelder om Vetti Gard skriv seg frå 1120. Eit gardsbruk midt i Jotunheimen omringa av Utladalen sin dramatiske natur. Ein svært god turveg, Folkevegen, fører frå Hjelle fram til Vetti, og ein kan gå vidare på sti fram til Vettisfossen. Har vore gard og turiststasjon fram til 2001. No turistinformasjon og kafé m. sesong frå 22 juni til 1.september. I 1714 kom den fyrste av den noverande Vetti slekta dit, og hans soneson blei sjølveigar i 1775. Vetti har sidan tilhøyrt noverande eigars familie.
Vetti fekk på 1800-talet to husmannsplassar, Lauvhaug og Flaten, som gjerne vart driven av yngre bror av odelsbonden. Til saman utgjer Vetti og plassane ei grend som femner om eit areal på omlag 140 da.

Vettisfossen
Innerst i ”fossanes dal” finn me den største og mektigaste. av dei alle; Vettisfossen. Også kalla dronninga blandt fossane våre.
Nord-Europas høgste foss, har 275 meter fritt fall. Eit imponerande syn som tek pusten frå nokon og kvar. Vettisfossen vart freda i 1924 med pengar frå Den Norske Turistforening, DNT, og kongeleg resolusjon. Start turen frå parkeringsplassen ved Hjelle og følg Folkevegen fram til Vetti. I alt, ein tur på 1 1/2 - 2 timar. Møte med Vettisfossen er ei mektig oppleving, der inntrykk endrar seg etter kvart som ein nærmar seg foten av fossen. Og ser opp mot utspringet fleire hundre meter opp over det skålforma fossejuvet. Det tek omlag 1,5 time å gå frå parkeringsplassen ved Hjelle forbi Vetti gard og fram til foten av fossen. Me anbefalar og å ta turen opp til utsiktsrampa ved fossen sitt utspring på Vettismorki, ein tur på vel 1 time frå Vetti gard.

Ytre Moa
Vikinggarden Ytre Moa
Eit av dei største og mest komplette funn av eit gardsanlegg frå vikingtida (800-900 e. Kr.) som er gjort i Noreg, er gjort på terrassane på Ytre Moa i Øvre Årdal.
I samarbeid mellom Bergen Museum, Årdal Sogelag og ÅSV vart det på 1960-talet starta store utgravingar. Den viste ein gard som var dyrka opp, men fråflytta etter kort tid, truleg på grunn av vassmangel. Sidan har ikkje området vore dyrka, og det gamle gardsanlegget frå vikingtida er difor så godt som urørd.
Mykje av det gamle gardstunet har truleg rasa ut ved ein elveflaum i 1826. Likevel er det funne ei mengd hustufter, omlag 20 gravhaugar, ein bautastein og ei båtforma grav. Husa har hatt ei golvflate frå 30 til 45 kvadratmeter. Det torvkledde taket vart bore oppe av ein stolpekonstruksjon, veggane var mura av stein og torv, og midt i romet låg eldstaden. I taket slapp røyken ut gjennom ljoren.
I hustuftene har ein funne ei mengd restar etter kokekar, handkvern og verkty for hushald og gardsdrift. Her vart også funne bronsesmykke med dyremotiv. I den båtforma grava vart det funne glasperler og våpen, og restar etter båtsaum som kan tyde på at den døde vart brend i ein båt.

Indre Sogn
Reiselivet i Sogn er rikt på tilbod som er lagt opp til samspel mellom flott natur og rik kultur. Under linkane til våre nabo kommunar, vil ein finne god informasjon om eit utal av moglegheitar.
Breheimssenteret i Jostedal, Stavkyrkjene, Norsk Villakssenter, Sogn Folkemuseum, Flåmsbana og Nærøyfjorden er berre nokre av mange populære besøksmål. Nyt av Sogn!

Hjelle--Avdalen--Hjelle
Turen går frå Utladalen Naturhus, Informasjonssenter for landskapsvernområdet, og kryssar tre bruer over Utla. Opplev Avdalsfossen! Like etter tredje brua tek ein av til venstre ( god skilting), og går i stigning i ca. 35 min. Avdal Gard har servering og overnatting. Fine naturstiar frå garden.
Her finn ein geitekillingar, høns og hestar.
Ta med førar og opplev ein luftig tur til garden opp gjennom Avdalskåri.
Avdal Gard: tlf. 94 57 08 29

Hjelle--Gravdalen--Hjelle
Følgjer same veg som til Avdalen, og vidare langs sti til Vårstølen. Kryssar elva Slufsedøla og går vidare opp til Gravdalstølen, 850 m.o.h. Årdal Turlag har ubetjent hytte her. Kontakt Avdal Gard for leige, tlf. 94 57 08 29

Hjelle--Vettisfossen--Hjelle
Vi går etter "Folkevegen" til Vetti Gard og Turiststasjon, vidare på sti fram til Vettisfossen. Spanande og flott tur der ein får sjå fossen nedanfrå.

Årdalstangen - Byttejuv
Turen startar med bil frå Årdalstangen til Seimsdal, Etter ca 9 km biltur går turen vidare til fots frå ca 500 m.o.h. til ca. 1350 m.o.h. , Byttejuvet. Herifrå er det utsyn til Jostedalsbreen i vest, Hurrungane i nord, høgdene mot Filefjell i syd-aust, og eit flott syn over Øvre Årdal.

Hjelle - Hjelledalen - Vettismorki - Hjelle
Turen startar ved Hjelle, og følgjer sti oppover på austre ( venstre) side av Hjellefossen. Frå Hjelledalsbrotet er det flott utsyn over Utladalen.
Vidare til Heimre Hjelledalstølen, og etter god sti til Fremre Hjelledalen. Opp til Øytjern, 950 m.o.h. Vidare gjennom Morkaskaret og ned til Vettismorki. Her er det sjølvbetjent hytte. Vi anbefalar turen ut på "Utsikten" får å sjå Vettisfossen. Vidare etter stien ned Vettisgaldane til Vetti Gard og Turiststasjon. Følgjer så "Folkevegen " tilbake til Hjelle


Jotunheimen nasjonalpark
Jøtunheimen døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane, trolla, har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, og det namnet brukar vi i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa.
Jotunheimen, på fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane, er eit stort sett urørt fjellområde prega av majestetiske fjell og isbrear.

Det høgaste fjellet i Norge, Galdhøpiggen (2 469 m o.h.) ligg i parken. Glittertind er med si iskappe på toppen berre nokre meter lågare. Men dei villaste og kvassaste tindane i Jotunheimen finn vi i Hurrungane.
Nasjonalparken har fleire store innsjøar, med Gjende som den største. Tilførsla av slamhaldig brevatn gjev Gjende ein smaragdgrøn farge på seinsommaren. Det djupblåe Bessvatn ligg like ved. Mellom dei to vatna går det ein merkt stig over den smale Besseggen, ein av dei mest vidgjetne attraksjonane i den norske fjellheimen.
Det var her, eller langs eggen av Knutshø på den andre sida av Gjende, at Peer Gynt gjennomførte det vågale rittet ned “Gjendin-eggen” på ryggen av ein reinsbukk.
Fleire vatn og vassdrag i Jotunheimen har godt aurefiske, særleg dei større sjøane. I mange av vatna og vassdraga vert det drive fiskekultivering.
Jotunheimen har sidan 1850-talet vore eit av dei mest populære områda i landet for fjellvandring. Hurrungane, med Store Skaga-
stølstind, er eit mekka for fjellklatrarar.
Praktiske opplysningar
I Jotunheimen nasjonalpark er landskapet med kulturminne og plante- og dyreliv freda. Vi må saman ta vare på denne verdfulle fjellheimen!

Du kan
• ferdast fritt og telte
• fiske og jakte etter gjeldande reglar
• plukke bær og sopp

Det er ikkje tillate å
• skade planter og uroe dyr unødig
• ureine og forsøple
• samle inn mineral og stein med hjelp av verkty
Velkommen til Jotunheimen nasjonalpark!


Aktivitetar
Den flotte naturen rundt oss er vår gåve og hovudarena. I tillegg har Årdal Kommune svært flotte bade og idrettsanlegg. Desse faktorane gjer at aktivitetstilbodet vårt er rikt og variert.
Årdal er der Sognefjorden går på land. Og det er inngangsportalen til Jotunheimen. Overgangen frå fjord til fjellheim gjev store moglegheiter for den som er glad i natur og friluftsopplevingar.
Friluftsbad både på Årdalstangen og i Øvre Årdal, grasbaner på begge plassar, i tillegg til oppvarma kunstgrasbane i ØÅ.
Ny aktivitetspark for born står snart klar på Årdalstangen, i samband med idrettsanlegget på Årdalstangen Stadion. Idrettshallar har ein og 2 av, der ØÅ i tillegg har 25x12.5 m basseng og 5m stupetårn. Vinterstid er skisentera i Fardalen og på Seimsåsen med bl.a lysløype flotte rekreasjonssenter.

Rundtur med bil

Med Årdal som base og utganspunkt er moglegheitene mange. Under vil du finne nokon av mange moglegheitar.
”Jotunheimen rundt”
”Tindevegen” Årdal-Turtagrø gjev moglegheit for å sjå fleire av Noregs høgste fjelltoppar. Etter å ha vore gjennom vakre Bøverdalen, kan ein vitje Norsk Fjellmuseum i Lom. Turen forset over Valdresflya , via Beitostølen til Fagernes. Deretter vestover mot Grindaheim og Tyin. Turen kan avsluttast over Tyin – Årdal med nedstigning frå 1000 til 0 moh i løpet av 15 min! ( Frå Tyin er E16 via Borgund Stavkyrkje, mot Lærdal og Årdal også ein moglegheit)
RUTE: Fjellvegen Årdal – Turtagrø (også kalla Tindevegen) – deretter Sognefjellsvegen (Rv. 55 til) ned vakre Bøverdalen og til Lom – Over Valdresflya (Rv. 51), via Beitostølen og til Fagernes – E16 frå Fagernes til Tyinkrysset – Rv. 53 Tyin-Årdal

”Nordsida rundt” A og B

Ein tur med fjell og fjord i den nordlege delen av regionen. ”Tindevegen” Årdal-Turtagrø byr på fleire av Noregs høgste fjelltoppar, før ein gradvis nærmar seg den vakre Lustrafjorden, ein sidearm av Sognefjorden.
A: Tek ein i Skjolden av mot Ornes, og køyrer sørsida av fjorden, kan ein vitje landets eldste stavkyrkje, Urnes Stavkyrkje, frå 1150.
Stavkyrkja er ein av fire norske på UNESCO`s liste over dei mest verdifulle kulturminne i verda. Sesong: 05.06.- 29.08. Opningstider: 10.30 - 17.30. Pris: kr 40,-vaksne, kr 35,-/10,- born/stud.
Det går ferje mellom Solvorn og - Ornes (Urnes Stavkyrkje) . Frå Solvorn går vegen via Hafslo og til Sogndal.
B: Ein kan også køyre ut denne vakre fjorden på nordsida, via Gaupne, deretter t/r til Informasjonssenteret og museumet for Jostedalensbreen Nasjonalpark. Deretter til Hafslo og Sogndal.
A og B: Deretter kryssar ein Sognefjorden på fergjesambandet Manhiller-Fodnes og returnerar til Årdal, der ”Sognefjorden går på land”.
RUTE A (Urnes stavkyrkje): Fjellvegen Årdal-Turtagrø (”Tindevegen”) – ned Sognefjellsvegen (Rv. 55) til Skjolden – så Fv 331 til Ornes – ferje Ornes-Solvorn – så Rv. 55 til Sogndal – E 5 over ferjesambandet Mannheller – Fodnes – så Rv. 53 til Årdal.
RUTE B (Jostedalsbreen)): Fjellvegen Årdal-Turtagrø (”Tindevegen”) – ned Sognefjellsvegen (Rv. 55), til Gaupne – t/r Fv. 604 – Rv. 55 Gaupne vi Hafslo til Sogndal – E 5 over ferjesambandet Mannheller-Fodnes – så Rv. 53 til Årdal.
”Sørsida rundt” – Tur med fjell og fjord i den sørlege delen. I Lærdal kan ein vitje Villakssenteret, før ferda går utover Lærdalsfjorden og så over ”snøvegen”. I nedstigninga mot Aurlandsfjorden, får ein kanskje det flottaste oversiktsperspektivet - nokon stad frå bilveg, over Sognefjorden. I Flåm kan ein sjå på cruisetrafikk og me anbefalar ein tur med Flåmsbana frå Flåm til Myrdal. På veg tilbake, går turen igjennom verdas lengste biltunel (24.5km), som i tillegg har ein svært spesiell lyssetting.
RUTE: Rv 53 mot Fodnes – så E16 mot Lærdal – vidare ut fjorden få kilometer til Erdal – så til ventre over Snøvegen – E16 til Flåm – retur E16 via Lærdalstunnelen og E 5 til Lærdal og Fodnes – så Rv. 53 inn til Årdal, der Sognefjorden går på land.

Friluftsbad og idrettsanlegg

Sidan dei vart bygde, har friluftsbada og idrettsanlegga vore viktig for bygdefolket og tilreisande. Sjå bildearkiv. Både storfine gjester som landslag, dei beste internasjonale klubblaga i kvinnehandball, utanlandske toppspelarar i fotball, Carl Lewis og lokale trimmarar og aktive har opplevd mange trivelege idrettsaugneblinkar her. Og når sant skal seiast, er vel vestibylen i Årdalshallen og friluftsbada våre dei mest populære møtestadene i bygda vår. Ein kan og nemna at årdølene har vore arrangør både for NM i friidrett og symjing, samt internasjonale stemner i t.d. handball, friidrett og sykling.
Årdal kommune har to friluftsbad. I Øvre Årdal er anlegget nyleg rehabilitert, og her finn ein eit 50 m - basseng, samt to mindre basseng for born. Det er og to kjempefine vass-sklier, samt garderobeanlegg. Vatnet kjem frå Hydro og er oppvarma til omlag 25 grader. Rundt bassenga er det eit nydeleg grøntareal, og alt ligg i tilknyting til folkeparken og idrettsanlegga.
På Årdalstangen er det og oppvarma vatn, og anlegget her inneheld eit 25 m - basseng m/stupetårn, samt to mindre basseng for born. Det er og eit fint grøntareal ved dette friluftsbadet, samt eit garderobeanlegg.
Om vinteren kan ein bade i Årdalshallen, der me har eit 25 m - basseng, med eit flott stupeanlegg.
Elles kan Årdal by på to grasbaner og ei oppvarma kunstgrasbane for fotball, to idrettshallar, to skisenter, skytebaner, ridehall og ridebane.

Jakt og fiske
Særskild informasjon om lokale tilhøve for jakt og fiske kan ein få ved å vende seg til Årdal Jæger og Fiskeforening eller til utsalsstadene for fiskekort. Generelt sett kan ein merke seg følgjande:

Kvar kan ein fiske?
På fjellet kan ein fiske i alle vatn og elvar som Årdal JFF leiger, d.v.s. elvar og vatn i områda kring Fardalsfjella, Sletterustfjella, Austre Statsallmenning, Berdalsvassdraget, Moadalen, Tyavassdraget frå demningen på Tyin til Torholmen og vidare ned til Øvre Årdal.
I Årdalsvassdraget kan ein fiske i Utla, Årdalsvatnet og Hæreidselvi.
I Hæreidselvi kan ein fiske på begge sider, og dette kan ein og gjere i Utla fram til Høljafoss.
Unntaket frå desse avgjerdene er fiske på privat eigedom. Sjå grensemerking, oppslag og kartskisser eller snakk med kjentfolk.

Fisketider
I fjellet kan ein fiske heile året.
I Årdalsvassdraget kan ein fiske frå 1. juli til 15. september ovanfor Svalheim bru. Nedanfor brua kan ein fiske fram t.o.m. 30. september.
I Torholmen på Sletterust kan ein fiske frå 15. juni t.o.m. 15. august.

Reiskap som kan nyttast
I fjellvatna generelt kan ein kun nytte oter og stong.
Generelt er garnfiske knytta til leige av hytte.Max 4 stk. garn er tilate pr. hytte og vatn.
Garnfiske er tillate når Årdal JFF informerer om dette.

Jakt og fiskehytter i fjellet
I området ved Sletterust finn ein hytter ved Sletterustvatn, Vasspollane, Skogsvatn, Buvatn, Mannsbergvatna, Krekjavatna, Kyrkjevatn, Kvannetjern og Trollsjøen.
I Fardalen finn ein hytte ved Gruvevatn.
Hyttene kan ein leige ved å vende seg til portvakta ved Hydro Aluminium, Årdal Metallverk.

Storviltjakt
Private grunneigarar i Årdal har jaktrettar på hjort, rein og elg.
Årdal Jeger og Fiskeforening
Årdal JFF er ei foreining som er tilslutta Norges JFF. Foreininga blei stifta i 1947 og organiserer i dag
omlag 5-600 jegerar og fiskarar. Ei av hovudoppgåvene er å tilretteleggje moglegheitene for rimeleg jakt og fiske innan Årdal kommune, og foreininga jobbar aktivt for å ivareta natur og miljø. Årdal JFF er såleis aktivt med som deltakar i Miljø-kommisjonen i Årdal. Ansvaret omfattar nærområda til elvar og vatn i kommunen.
Årdal JFF forvaltar over 200 000 da. småviltterreng, over 40 fjellvatn, store deler av Utla og Hæreidselvi, samt Årdalsvatnet.
Foreininga eig og driv Utla klekkeri og Settefiskanlegg, og har 11 jakt - og fiskebuer i Tyin / Sletterustområdet.
Årdal JFF har eigen leirduebane, og driv opplæring og kurs innan jakt og fiske. Lagshuset deira er Utlastova på Hjelle, der finn ein møtelokale, kontor, samt sanitæranlegg m/dusj.

Sykling i Utladalen
Fossanes dal, Utladalen, som er rikt beskriven og illustrert på desse sidene, er ein flott plass for ein sykkeltur der naturen vil være i fokus. Frå Årdal og til Hjelle er det vel 5 km. Den 4,5 kilometer lange vegen frå Hjelle til Vetti gard vart til etter 5 års dugnadsinnsats, og vert med rette kalla Folkevegen. 1500 årdøler teikna seg til dugnad, og etter 50.000 dugnadstimar i ulendt terreng kunne vegen opnast i 1977. Middels krevjande tur.
Gamlevegen til 1000 meteren
Sykkeltur ut flotte og luftige gamle Rv. 53 til utsiktpunktet 1000 meteren (ca 12 km). Ein heilt spesiell oppleving der ein ser ”taket” på Jotunheimen. Sjå elles bildearkiv. Middels krevjande tur.
Sykkelutleige på Damvoktaren (sjå under Overnatting).

Familieturar, lette turar

Utladalen:
Hjelle-Avdalen-Hjelle. Gå Folkevegen mot Vetti og ta av til venstre like etter Avdalsbrua. I Avdalen er det enkel servering sommarstid og høve til overnatting. Sjå anna informasjon om Avdalen. Turen tek omlag 2 timar t/r.
Folkevegen Hjelle-Vetti-Hjelle. Enkel servering sommarstid.
Frå Vetti kan ein ta turen vidare inn til Europas høgaste fossefall, Vettisfossen. Vegen/stigen går i vill og vakker natur, og ein kan oppleve 4 fossefall på turen. Turen tek omlag 3 timar t/r.
4 timar dersom ein tek turen til Vettisfossen.
Hjelle-Ramsøyni-Bru ved Dalenfeltet-Hjelle. Gå over bru ved Skår og ta av til venstre ved hytte og ned trapp til elva Utla. Turen tek omlag 3 timar t/r. Ein kan nytte parkeringsplassen ved Hjellefossen til alle desse turane.

Offerdalen:
Åsete-Bordhaug-Nystølen-Åsete. God stig i variert terreng.
Turen tek omlag 3 timar t/r.
Parkering i fyrste u-sving etter Ofredalstunnelen.

Holsbru:
Holsbru-Kvannetjønni-Holsbru. Stigen byrjar på baksida av brøytestasjonen, og turen tek omlag 1,5 time t/r.
Parkering ved brøytestasjonen.

Øvre Årdal:
Gamle “Tyinvegen”: Riksveg 53 - Heirsnosi - Riksveg 53. Privat bilveg opp til “Tusenmeteren”, med panoramautsikt til mange av fjelltoppane i Hurrungane og Øvre Årdal. Turen tek omlag 6 timar t/r. Parkering ved informasjonsskilt, “firehundremeteren”, riksveg 53.
Øvstetun gard - Blåberggruvene - Øvstetun gard. Gå vegen frå Øvstetun gard mot Turtagrø og ta av ved brua i 4. svingen. Følg god stig opp til Blåberggruva. Turen tek omlag 3 timar t/r. Parkering ved kyrkje-garden, omlag 200 m frå Øvstetun gard.

Årdalstangen:
Langs Årdalsvatnet til Loi. Turen kan gå vidare fram til den første, gamle tunnelen, og den tek omlag 1,5 time t/r. Parkering ved tilfluktsrom eller i enden av Årdalsvatnet ved brua.
Turar som krev litt trening

Moadalen:
Moa - Holsbru. Stig som vart mykje nytta fram til Moadal-vegen kom. Turen tek omlag 3 timar ein veg. Som alternativ, kan ein ta av ca. 15 min. frå Moa-Fugleåsen-Åsen-Fugleåsen-Moa. Parkering yttarst på “Moabresten” ved gammal sag. Ein kan eventuelt ta buss opp til Holsbru og gå ned til Moa.

Seimsdalen:
Horgi rundt; Feningdalen-Feninga-Hovden-Sjursete-Strupene. Rundturen tek omlag 3 timar. Strupene-Skor-Skard-Byttegjuvet-Skor-Strupene. Turen tek omlag 4 timar t/r. Fine turstigar i variert terreng med panoramautsikt mot Jotunheimen. Parkering ved snuplass der vegen endar (privat veg).

Eldegarden:
Riksveg 53 ved Brennborg-Eldegard-Løst-riksveg 53 ved Steigene. Fin tursti med utsikt mot freda furutre under kraftlinje mellom Eldegard/Vardenosi. Turen tek omlag 3 timar. Ein kan og gå slik: Eldegard - Onsete - Liastølane - Freda furetre - Kvernli, eller gå frå Løst mot Melseter. Parkering ved riksveg 53 ved Brennborg, mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Sletterust:
Sletterust-Mannsbergvatnet-Kyrkjevatnet-Skredshaugdokki-Hjelledalen-Hjelle. Turen tek omlag 6 timar. Ein kan og ta av når ein kjem til fremre Hjelledalen og gå slik: Øytjørn-Morkaskaret-Vettismorki-Vetti-Hjelle (8 timar). Den beste transportløysing vil vere å ta buss til Sletterust og nytte evt. bil frå Hjelle.

Årdalstangen:
Kolnostunnelen-Nosabøen-Kolnostunnelen. Turen tek omlag 3 timar ein veg. Ein kan og gå slik: Nosabøen-Øyestølen-Årdalsnosi-Årøydalen-Årøyni. Parkering ved Kolnostunnelen.

Utladalen:
Hjelle-Vetti-Brendeteigen-Stølsmaradalen-Avdalen-Hjelle. Turen tek omlag 8 timar t/r. Hjelle-Vetti-Vettisfossen-Vettismorki-Hjelledalen-Hjelle. Turen tek omlag 6 timar. Ein kan og gå frå Vettismorki slik: Fleskedalen-Friken-Skogadalsbøen. Parkering ved Hjellefossen.

Vikadalen:
Kvitingsagi-Kvittingsmorki-Storevatnet-Kraftstasjon-Vikadalen. Turen tek omlag 8 timar. Ein kan og gå slik frå Storevatnet: Smørhola-Liastølan (Bjødnabykset)-Kammen-Drognekleivholten-Naddvik. Parkering ved privat hytte ved riksveg 53 (Vikadalen-Fodnes), omlag midt mellom tunnelane.

Fardalen:
Skihytta-Åsete-Åsetevatn-Gravdalen-Avdalen-Hjelle. Merk at brua over elva er ved sel i Gravdalen. Turen tek omlag 6 timar, og ein kan parkere ved Skihytta, omlag 1 km frå Åresete.
Holseter gard-Li-Osestølen-Hyttefjellet-Hytta-Skihytta-Holseter. Turen tek omlag 6 timar. Ein kan og gå slik frå Osestølen:
Ormsete-Voss-Feninga-Seimsdalen. Parkering ved Holseter gard. Haug gard-Botnanosi-Bergastølen-Tronteigen. Turen tek omlag 5 timar.

Seimsdalen:
Kletta-Storevarden-Slettedalen-Nystølen-Bordhaug-Åsete. Turen tek omlag 5 timar. Parkering ved snuplass der vegen endar (privat veg). Evt. biltransport frå Åsete i Offerdalen.
Strupene-Skor-Skard-Lindvikdalen-Lindviki-Årdalstangen.
Turen tek omlag 6 timar. Parkering ved snuplass der vegen endar (privat veg).

Turtagrø:
Turtagrø-Tindeklubbhytta-Skagastølsbu-Midtmaradalen-Snørestøet-Stølsmaradalen-Brendeteigen-Vetti-Hjelle. Turen tek omlag 11 timar og vert tilrådd med kjentmann. Beste transportløysing: Buss til Turtagrø og evt. bil frå Hjelle.
Anna informasjon om krevjande turar, fjellføring og kurs kan ein få ved å vende seg til Vest-Jotunheimen Fjellføring ANS, Ålmenhagen 14, 6884 Øvre Årdal (tlf. 94 57 84 94).

Årdal Turlag
Årdal Turlag (ÅT) vart stifta i 1973 og er eit lag som fyrst og fremst har sitt virke innan Årdal kommune. ÅT er medlem av Den Norske Turistforening. Laget har omlag 300 medlemmar.
ÅT arrangerer turar i nærområda, årleg mellom 15 og 20 fellesturar. I tillegg organiserer ÅT trimpostar i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Desse har vorte svært populære og gjer at mange tek turen ut i den fine naturen.
ÅT legg vekt på å rydde og merke stigar i nærområda, slik at ein held desse i hevd og gjer at dei kan nyttast i framtida. ÅT tek og del i restaureringsarbeid. Både i Gravdalen og i Hjelledalen er det utførd restaureringsarbeid, slik at viktig bygningsmasse vert teken vare på.
Det viktigaste restaureringsarbeidet er utførd på Avdalen gard. Denne er no istandsett slik den var i den tida det var gardsdrift her. Garden er open for servering og overnatting i sommarsesongen. I tillegg har ÅT ansvar for ein del klopper i nedre Utladalen.
ÅT har fleire undergrupper:
Fjellsportgruppa har mellom anna innandørsklatring i Årdalshallen på programmet, samt spennande aktivitetar i eit klatrefelt på Ytre Moa.
Mosjonsskulen er eit tilbod til dei som ynskjer eit treningsopplegg om vinteren.
Familiegruppa arrangerer turar og tilstellingar slik at heile familien kan komme ut på tur.
ÅT tok og del i registreringsarbeidet som førde til opprettinga av Utladalen landskapsvernområde.

Der Sognefjorden går på land....
Årdal ligg inst i Sognefjorden og dannar porten til Jotunheimen frå vest. Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal, med eit folketal på til saman rundt 6000. Dei to tettstadene er omkransa av dei mindre stadane: Naddvik, Offerdal, Seimsdal, Fardal, Utladal og Vetti. Årdal er eit samfunn med kontrastar. Her finn ein eit topp moderne industrisamfunn, medan ein på den andre sida finn velstelte gardsbruk med gamle romantiske hus og naust ved fjorden, skogsdrift og fiske i elv og innsjø. Dessutan Jotunheimen sin dramatiske natur med fjelltindar, bratte fjellsider og høge fosse-fall. Årdal har eit mildt klima og lite nedbør. Med den storfelte Jotunheimen som næraste nabo, ligg tilhøva særs godt til rette for avstressande rekreasjon og friluftsliv sommar og vinter.
Ein tredjedel av Årdal kommune sitt areal er verna område: Jotunheimen nasjonalpark, Utladalen landskapsvernområde og Kvitingsmorki naturreservat. Vettisfossen vart verna i 1924. Gjennom organisasjonen Årdal Tenk Tryggleik har bygda tiltak som sikrar eigne innbuarar og tilreisande. De vil på desse sidene finne informasjon om aktivitetar, turforslag, arrangement og anna.Der sognefjorden går på land...
Where Sogne fjord comes ashore...
Dort, wo der Sognefjord an Land geht...

Klingenberg Hotel AS
6885 Årdalstangen

Tel: (+47) 57 66 58 00
Fax: (+47) 57 66 58 02
E-mail: post@klingenberghotel.no
Internett: www.klingenberghotel.no

Antall rom: 49 (95 sengepl.) Konferansesal: 3 stk; totalt 100 pers. Grupperom: 5 stk á 6-10 pers. Trimrom: 20 pers. Restaurant: 85 pers. Selskapslokale: 200 pers. Bar: 80 pers. Salong: 40 pers. Uteservering/hage: 40 pers. Nattklubb: 130 pers.

DER SOGNEFJORDEN GÅR PÅ LAND..

I 1861 opna Jens Klingenberg Prestegård skysstasjonen som seinare vart Klingenberg Hotel. Verten gjekk under navnet Store Jens og var ein dugande skysskaffar og fjellførar. Gjestene var for det meste fjellklatrarar og fjellvandrarar som ville utforske Utladalen og Jotunheimen. Vi er særs stolte av våre røter, og dei er med oss kvar dag. Personlegdommar som har prega hotellet si historie heng i glas og ramme i fellesareala. Jan Schwarzott har vidareført denne viktige sjela til hotellet. Gjennom sine bilete har han fått naturen og historia inn i korridorane og romma på hotellet, med ein kjærleik og grundigheit som er varemerket til kunstnaren. På Klingenberg Hotel er fjorden og fjella nære både ute og inne, og huset lever med naturen sine variasjonar. Sidan hotellet vart bygd på naturen sine premissar, har vi understreka dette samspelet ved å la bygget følgje linjene i naturen. Fasaden vår vestover er ei langstrakt bølgje som ynskjer Sognefjorden velkommen på land.
William Cecil Slingsby (1849 - 1929). Britisk fjellklatrar, vandringsmann og ein av mange kjende personar som vitja hotellet ofte sist på 1800 talet.

Mat og drikke i store jens restaurant og mohns bar
Vi er stolte av kjøkkenet vårt, som har eit sterkt lokalt tilsnitt. Vi får bær som er dyrka lokalt, serverer vilt som har sprunge i fjella rundt oss, og på varme seinsommarkveldar kan du nyte kreps som er fanga rett ute i fjorden, berre nokre meter frå hotellet. Sjølv om maten har endra seg mykje, er lukta av nykokt kaffi den same som den var då hotellet starta i 1861, og velkommen tyder det same no som då.

Jobb, velvære, trening og hygge
Eit hotellopphald kan vere så mykje; ein stad å trekke seg tilbake, lade opp og hente nye krefter. Det kan vere ein stad å jobbe, ein stad for samvær, ein stad for å søkke ned i ein god stol. Eller noko heilt anna. Vi er opptekne av at det er ditt opphald - dine val. Det viktigaste vi vil gje deg er fridomen til å gjere det du vil - fortel oss kva vi kan gjere for at ditt opphald hjå oss blir best mogeleg for deg.

Opplevingar i og omkring årdal
Lengst inne i den 20 mil lange Sognefjorden, der Utladalen fører fjorden vidare inn i landskapsvernområdet og Jotunheimen nasjonalpark, ligg idylliske Årdal, bygda med rike industritradisjonar. Den geografiske plasseringa gjer Årdal til eit naturleg utgangspunkt både for aktivitetar i det djupaste dalføret i Noreg, Utladalen, fjordbaserte aktivitetar eller besøk til andre attraksjonar i regionen. I Årdal er det lett å finna roen.

Breheimsenteret i Jostedalen / The Visitor's Centre at the entrance to Jostedal Glacier National Park / Gletscherzentrum in Jostedalen
Flåmsbana svingar seg i vakker natur / The Flåm Line winding its way through beautiful scenery / Die Flåmbahn inmitten bezabernder Natur
Spektakulær lyssetting i den lengste vegtunnellen i verda / Spectacular lighting in the world's longest road tunnel / Atemberaubende Beleuchtung im längsten Tunnel der Welt
Frå Villakssenteret i Lærdal / From the Wild Salmon Centre at Lærdal / Wildlachszentrum in Lærdal
Blåberggruvene, i drift på 1700-talet / The Blåberg copper mines, dating from the 1700s / Blåberggruben, Bergbau im 18. Jh.
Anlegget "Ne fø sjøen" i Indre Offerdal / The working museum of the old fjord community at Indre Offerdal / Hofanlage "Ne fø sjøen", Indre Offerdal
Sognefjordcruise ved Solvorn / Sogne Fjord cruise at Solvorn / Sognefjord-cruise am Solvorn
Fjellfiske i Torolmen ved Sletterust / Mountain fishing in Torolmen at Sletterust / Gebirgsangeln im Torolmen bei Sletterust
Naturhuset under Skåri i Utladalen / The Nature Centre at Skåri farm in Utladalen / Naturhaus auf dem Hof Skåri, Utladalen
Vettisfossen; mål for fotvandrarar / Vettisfossen waterfall - a favourite destination for hikers / Vettisfossen; Ziel für Wanderer

Fjell fjord & natur
i overflod er naturlege stikkord for eit besøk i Årdal.
I slike omgjevnader er det ikkje vanskeleg å finna ekstreme aktivitetar, som set både fysikk og sjel på alvorlege prøver. Men i det mektige og veldige i naturen rundt oss, er det og lommer med fred og ro, ei ro som kjennest enno sterkare nettopp på grunn av slike store kontrastar i naturen. Slike lommer kan du blant anna finna i Offerdalen, Avdalen, Nundalen og ved Naturhuset under Skåri i Utladalen.

Ølbrygging i eldhuset i Offerdal
Offerdal utgjer og ein sentral del av Årdal si industrihistorie. Her var blant anna steinhoggeri tidleg på 1900-talet. Blant anna er det levert stein til Grand Hotell i Oslo frå Offerdalen. Særleg den kvite sterke granitten var ettertrakta...

Frå Avdalsskåri, på veg til Avdal Gard
Ein avstikkar på vegen, fører deg opp til Avdalen gard, ein nyrestaurert, fråflytta fjellgard. To stiar fører til målet. Den luftige går via Avdalsskori, som ligg på ei naturleg hylle i fjellsida. Turen gjev eit formidabelt utsyn over Utladalen. Den andre turen gjev og godt utsyn, men vandraren kjenner seg her på tryggare grunn. Tidsbruken er om lag den same.

Parti frå vegen Sletterust-Heirnosi
Ein sykkeltur utanom det vanlege går frå damvaktarbustaden på Sletterust og ut til "1000-meteren", eller Heirsnosi som toppen eigentleg heiter. Strekninga osar av gamal anleggs- og krafthistorie. Vel ute på toppen, møter den reisande eit vakkert utsyn både mot Øvre Årdal 1000 meter rett ned og innover mot tinderekkene i Jotunheimen.

Vettisfossen, dronninga blant fossar i Noreg

Eit besøk i jotnane sitt rike er verd å ta med seg. Ikkje minst til Vettisfossen, sjølve dronninga blant fossar i Noreg. Ikkje er ho så vanskeleg tilgjengeleg heller. Med bil til Hjelle, er Vettisfossen berre eit par timar spasertur unna. Dei siste 20 minuttane, frå Vetti Gard og Turiststasjon, går langs ein kronglete men sikra sti. På vegen framover, er Hjellefossen og Avdalsfossen spennande apertiffar til det som ventar inne i Styggegjeli. Høljafossen, med ein stor laguneliknande kulp omgjeven av frodig vegetasjon, er og ei kvila for auga midtveges i Høljabakken.
Vettisfossen er eit mektig syn nede frå Utla, med sitt frie fall på 273 meter. Heilt inne i det hesteskoforma gjelet kastar fossen seg utføre stupet.

Food & drink in the "store jens" restaurant and mohns bar
We are proud of our cuisine, which has a strong local accent. We obtain berries produced locally, serve game that has frisked happily on the surrounding heights, and on those hazy, late-summer evenings you can enjoy crab caught straight from the fjord, just metres from the hotel. Although the fare may have changed, the fragrance of freshly brewed coffee is the same as it was when the hotel opened in 1861, and "welcome!" means the same now as then.

Work, wellbeing, fitness and fun
A hotel stay can be so many things: a place to get away from it all, recuperate and find new strength. It can be a place to work, a place for togetherness, a place to sink down into a comfortable armchair. Or something entirely different. We are dedicated to making this your personal stay - to giving you choices. The most important thing we can give you is the freedom to enjoy what's right for you. Let us know what we can do to make your stay with us as rewarding for you as possible.

Experiences in and around årdal
Farthest inside the 20-mile-long Sogne Fjord, where Utladalen carries the fjord deeper into the National Park region, lies idyllic Årdal, a village rich in small-industry traditions. The geographical location makes Årdal a natural starting point for activities in Utladalen - the deepest valley in Norway, fjord activities, or visits to other attractions in the region.
Årdal - where peace and calm are all around.

An abundance of MOUNTAIN, FJORD AND NATURE ....
..is an appropriate key phrase for a visit to Årdal. In surroundings such as these it is not difficult to find opportunities for extreme experiences - activities that challenge both body and soul. Still, in this mighty and awesome nature there are pockets of peace and quiet, providing a sensation of serenity enhanced by precisely those same natural contrasts. Examples of these quiet pockets are: Offerdalen, Avdalen, Nundalen and at the "Nature House" under Skåri in Utladalen.

Brewing beer in the old "firehouse" in Offerdal
Offerdal is a central location in the industrial history of Årdal. Among other activities, there was a rock quarry here early in the previous century. Stone for Grand Hotel in Oslo, among others, was quarried in Offerdalen, and it was particularly the white, hard granite that was in demand.

View from Avdalsskåri on the road to Avdalen Farm.
A side road takes you up to Avdalen Farm, an abandoned, but recently renovated mountain farm. Two different paths lead to your destination; the high mountain path goes via Avdalsskåri, which is located on a natural ledge in the mountainside. This path gives you an impressive view of Utladalen. The other path is also a scenic route, but here you will definitely feel on safer ground. The time required is about the same on both paths.

View from the road between Sletterust to Heirnosi.
This is a rather unique bicycle trip. It starts at the old dam-attendant's house at Sletterust and proceeds to the "thousand metre summit" or Heirnosi by its proper name. The route is replete with historic relics from the power development era. Upon reaching the top, you are rewarded with a beautiful view of both Øvre Årdal a thousand metres straight down, and to the rows of pinnacles in Jotunheimen.

Vettisfossen, the queen of Norwegian waterfalls.
A visit to the kingdom of the "Jotuns" (trolls) is an unforgettable experience, particularly a close look at Vettisfossen; the queen of Norwegian waterfalls. The waterfall is actually quite easy to reach; after going by car to Hjelle, Vettisfossen is only a two hours walk away. The last 20 minutes from Vettis Farm and the tourist station are spent on a tortuous but secured path, and as you proceed, Hjellefossen and Avdalsfossen give you a couple of exciting previews of what awaits you in Styggeli. The same can be said of Høljafossen, which descends into a pool that looks like a large lagoon surrounded by lush vegetation; a rest for tired eyes half way up Høljabakken.
Vettisfossen has a free fall of 273 metres and is an impressive sight when viewed from Utla. From deep in a horseshoe-formed ravine the water is jettisoned into the abyss..

Essen und trinken im restaurant store jens und in mohns bar
Wir sind stolz auf unsere Küche, die einen ausgeprägt lokalen Zuschnitt hat. Wir verwenden Beeren, die in der Umgebung wachsen, servieren Wild, das in den Bergen rund um uns herum geäst hat, und an warmen Sommerabenden können Sie Flusskrebse genießen, die direkt im Fjord, nur einige Meter vom Hotel entfernt, gefangen wurden.

Arbeit, wohlbefinden, training und gemütliches beisammensein
Ein Aufenthalt im Hotel kann so viel bieten: einen Ort, an dem man sich zurückziehen, seine Batterien aufladen und neue Kräfte sammeln kann. Es kann auch ein Ort sein, an dem man arbeitet, an dem man andere trifft oder an dem man sich einfach in einen bequemen Sessel fallen lässt. Oder an dem man ganz andere Dinge tut. Wir legen Wert darauf, dass Sie spüren, dass es sich um Ihren Aufenthalt handeln - um Ihre Entscheidungen.

Erlebnisse in und um årdal
Der idyllische Ort Årdal mit seiner vielseitigen Industriegeschichte liegt im Innersten des 200 km langen Sognefjords, dort, wo das Utladalen den Fjord mit dem Naturschutzgebiet und dem Jotunheimen Nationalpark verbindet. Seine geografische Lage macht Årdal zu einem natürlichen Ausgangspunkt für Aktivitäten im tiefs
In Årdal findet man leicht Ruhe.

Berge, fjorde & natur...
im Übermaß - das erwartet die Besucher in Årdal! In einer solchen Umgebung ist es nicht schwer, Aktivitäten zu finden, die so extrem sind, dass sie sowohl Körper als auch Seele auf die Probe stellen. In dieser mächtigen und gewaltigen Natur, die uns umgibt, gibt es jedoch auch Oasen des Friedens und der Ruhe, einer Ruhe, die man hier noch stärker empfindet aufgrund der enormen Kontraste in der Natur. Eine solche Oase können Sie unter anderem in Offerdalen, Avdalen, Nundalen und am Naturhaus unterhalb von Skåri in Utladalen finden.

Das Brauen von Bier im Küchenhaus von Offerdal
Offerdal bildet außerdem einen bedeutenden Bestandteil von Årdals Industriegeschichte. Hier wurde unter anderem zu Beginn des 20. Jh.s Stein abgebaut. Von Offerdalen wurde auch Stein für den Bau des Grandhotels in Oslo geliefert. Besonders der weiße, harte Granit war sehr gefragt.

Von Avdalsskåri auf dem Weg zum Hof Avdal
Ein Abstecher auf dem Weg führt Sie hinauf zum Hof Avdalen, einem verlassenen, allerdings wieder restaurierten Bergbauernhof. Zwei Wege bringen Sie ans Ziel: Der "luftige" führt über Avdalsskåri, das auf einem natürlichen Absatz in der Bergwand gelegen ist. Auf diesem Weg hat man einen fantastischen Blick auf Utladalen. Auf dem anderen Weg hat man auch eine gute Aussicht, man fühlt sich hier jedoch etwas sicherer. Die Wanderungen sind etwa gleich lang.

Abschnitt auf der Strecke Sletterust-Heirnosi
Eine ganz außergewöhnliche Fahrradtour führt vom Haus des Dammwächters bei Sletterust hinauf auf den "Tausender", oder den Heirnosi, wie der Gipfel eigentlich heißt. Diese Strecke ist reich an Bau- und Wasserkraftgeschichte. Oben angekommen, hat der Radfahrer einen herrlichen Blick sowohl auf Øvre Årdal 1000 Meter direkt ins Tal hinunter als auch auf die Gipfelkette von Jotunheimen.

Der Vettisfossen, der König der Wasserfälle in Norwegen
Das Reich der Riesen ist einen Besuch wert, so auch der Vettisfossen, der König der Wasserfälle in Norwegen. Er ist zudem leicht erreichbar. Man fährt mit dem Auto bis Hjelle,von wo aus es nur noch zwei Stunden zu Fuß bis zum Wasserfall sind. Die letzten 20 Minuten vom Hof Vetti und der Touristenstation führen über einen unwegsamen, jedoch abgesicherten Pfad. Auf der weiteren Fahrt sind der Hjellefossen und der Avdalsfossen ein spannender Vorgeschmack auf das, was einen in der Styggegjeli erwartet. Der Høljafossen mit seinem großen, lagunenartigen Becken, umgeben von üppiger Vegetation, ist ebenso ein Genuss für das Auge auf halber Strecke am Høljabakken.
Unten von Utla aus bietet der Vettisfossen mit seinem freien Fall von 273 Metern einen beeindruckenden Anblick. Am innersten Teil der hufeisenförmigen Schlucht stürzt der Wasserfall den Abhang hinunter.


Opplev Årdal
Eit kvart besøk, anten det er tilfeldig, ein planlagd ferie, ein gruppetur eller liknande, fortjenar skikkelege opplevingar. Fjell, fjord, natur og kultur i overflod er naturlege stikkord for eit besøk i Årdal. I slike omgjevnader er det ikkje vanskeleg å finna aktivitetar som, om ein ynskjer det, set både fysikk og sjel på alvorlege prøver. I det mektige og veldige rundt oss, er det også lommer med fred og ro. Ei ro som kan kjennast enno sterkare på grunn av dei store kontrastane i naturen.
Reiselivets medspelarar i regionen har både kunnskap og ressursar til å ta imot dei besøkande med sine ulike ynskjer og behov. Denne portalen gjev eit innblikk i tilbod og moglegheiter, men ta gjerne kontakt med Årdal Arrangement as, Reisemål Årdal, om du ynskjer svar på spørsmål, tilrettelegging av opphald eller andre tjenester.

Gamle “Tyinvegen”: Riksveg 53 - Heirsnosi - Riksveg 53.
Privat bilveg opp til “Tusenmeteren”, med panoramautsikt til mange av fjelltoppane i Hurrungane og Øvre Årdal. Turen tek omlag 6 timar t/r. Parkering ved informasjonsskilt, “firehundremeteren”, på riksveg 53. Ein kan og sykle gamle ”Tyinvegen” frå Sletterust (sjå Damvoktaren, under overnatting), og få ein sykkeltur i mektig landskap. Eit minne for livet.

Fjellvegen Årdal-Turtagrø "Tindevegen"
Sommarvegen som knyter Årdal til vegen over Sognefjellet. Ein biltur gjennom Jotunheimen med store naturopplevingar. Utgangspunkt for bestigning av Store Austanbotntind, 2204 m.o.h. Turtagrø er utgangspunkt for bestigning av Store Skagadølstind, ”Storen”, 2405 m.o.h. Strekninga Årdal-Turtagrø er 30 km. Bomveg. Ikkje eigna for bussar. Opnar 1. mai. Sjå elles Aktivitetar/dagsturar.

Fjordcruise
Ein båttur rik på opplevingar og strandhogg på stader med historisk fjordkultur. Båten går i rute 3 gonger i veka (laurdag, tysdag og onsdag) frå 7. juni til 30. august.
Charter
Ein nyttar M/S Sognefjell (70 pers) til charterturar i den indre sogneregionen, der til eksempel Offerdalsanlegget ”Ne fø sjøen”, Galleri Walaker i Solvoren, Ornes Stavkyrkje , Frønningen eller Nærøyfjorden kan nemnast som nokre av eit utal moglegheiter. For tinging av tur, vennligst ta kontakt med:
Sognefjorden AS, tlf. 57 66 00 55 / fax 57 66 58 02.

Hydro Årdal
Det var vasskrafta, verdas reinaste energiform, som gradvis endra Årdal frå eit fattig bondesamfunn til eit rikt industrisamfunn. Tyin kraftverk og seinare Fortun kraftverk la grunnlaget for og utbygginga av Årdal Verk, som formelt vart skipa den 28. januar 1947.
Seinare fekk vi den velkjende forkortinga ÅSV, Årdal og Sunndal Verk 1951-1986. Etter 1986 vart Årdal Verk etter kvart delt opp i sjølvstendige einingar under fellesnamnet Hydro Årdal.
I dag har vi følgjande einingar i Hydro Årdal: Årdal Metallverk, Årdal Carbon, T&OS, Fellestjenester (LSS), Forsyning, Hydro Produksjonspartner, Hydro Teknologi og Prosjekter Sogn, Hydro Energi,
Hydro einingane i Årdal har til saman omlag 1150 (31.12.2002) tilsette, med ein årleg omsetnad på omlag 4 milliardar kroner.

Indre Offerdal
Anlegget “Ne`fø sjøen” er eit sjeldan kulturminne frå overgangstida mellom bondesamfunn og industrisamfunn. Dei ti husa gir eit rett bilete av bygningsmiljøet frå den tida staden var ein arbeidsplass for mange menneske og ein heim for husbonden og familien hans, tenestefolket og kårfolk.
Årdal kommune fekk dette anlegget som ei gåve hjå eigarane, Ivar og Aslaug Offerdal. Ei gåve av så stor kulturhistorisk verdi, inneber eit stort ansvar når det gjeld vedlikehald, oppattbygging, vern og formidling.
På anlegget finn ein mellom anna mølle og sagbruk med oppgangssag som var i drift til inn på 1900-talet. Vasskrafta vart utnytta til å driva mølla og sagbruket, og ein vil finne eit velutstyrt gamalt postkontor, sjøbu og telegrafsentral med meir. Etter avtale, byr anlegget og på ølbrygging, smedarbeid, garnfarging så vel som fjordfiske.
Når du vitjar anlegget har du også eit ansvar, og vi ber om at du er varsam når du ferdast på anlegget. Dersom ein ønskjer meir informasjon, vennligst ta kontakt med:
Ofredal Tenester AS, tlf 57 66 00 44.

Kopargruvene
Årdal er i dag ei moderne industribygd. Sjølve industrihistoria starta på 1700-talet med utvinning av kopar på Grøndalsfjellet i Øvre Årdal. To Årdalsbønder på reinsjakt kom over ei koparåre i det 1500 meter høge Grøndalsfjellet nord for Øvre Årdal. Dette skulle bli starten på ei stor bergverksdrift som varte i 62 år. Ein kan finne meir frå denne epoken på Sogelaget sine sider, under ”det skjedde i Årdal”

Koparverkshuset
Det vart drive kopargruver fleire stader i Årdal. “Koparverkshuset” er det einaste kulturminne bygda har att frå gruvetida. Huset var Bergskrivaren sin bustad, og det var hovudbygningen for drifta, som totalt talde omlag 70 større og mindre hus. Dette huset var og kome bort frå bygda, men Sogelaget fekk kjøpt det tilbake frå Luster. Det står no i sentrum på Årdalstangen.

Naturhuset
Utstilling, Informasjonssenter m. film og Kafè
Besøk eit senter i ei naturperle av heilt spesiell og sjeldan karakter! Naturhuset finn ein i sjølve inngangen til Utladalen, og stiftinga Utladalen Naturhus sitt utstillings- og informasjonssenter held til i den gamle uthusbygningen og stovehuset på bruket Skåri ved Hjelle. Uthuset er frå 1912, medan stovehuset er opphaveleg omkring 200 år gamalt.
Naturhuset, som ligg i Utladalen landskapsvernområde, vart offisielt opna våren 1998 og blir drive av stiftinga Utladalen Naturhus. Naturhusets permanente utstilling i uthus/fjøs fortel om naturforhold og kulturhistorie i Vest-Jotunheimen. Utstillinga byr og på ein film som gjev eit snitt av det Utladalen og Vest-Jotunheimen byr på,, i tillegg til klatrehistorie. Elles vert huset nytta til ulike temautstillingar og vandreutstillingar. Statens naturoppsyn og Den Norske Turistforening har eigen informasjon i naturhuset. Stovehuset har møterom i stova, enkelt kjøkken og kontor for Årdal Turlag og Statens Naturoppsyn. Kafèdrifta er og i stovehuset.
Opningstida er frå 22 juni til omlag 20. august. For besøk utanom opningstid, ta kontakt med:
Stiftinga Utladalen Naturhus, Postboks 28, 6882 Øvre Årdal. Tlf. 57 66 15 70 el. 61 36 71 71.

Utladalen
Utladalen landskapsvernområde – Avdalen – Vetti
Utladalen landskapsvernområde vart oppretta ved Kongeleg resolusjon 5. desember 1980. Det verna området er på 314 km2 og omfattar eit område i Utladalen med sidedalar og fjellområde aust og søraust for Utladalen i Årdal og Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Landskapsvernområdet omfattar statsallmenning i dei høgareliggjande områda på austsida og privat grunn i dalområda.
Landskapsvernområdet utgjer store delar av Vest-Jotunheimen, og landskapet er prega av hovuddalføret Utladalen med sitt tronge gjel med V-forma snitt og ei rekkje med U-forma hengjedalar som alle munnar ut mot hovuddalen høgt oppe i liene. Desse trauforma sidedalane er gravne ut av brearmar som seig ned mot hovuddalføret.
Elva Utla har sitt utspring i breane inne ved grensene mot Lom. Nedover dalen tek Utla imot fossefall frå hengjedalane på vest- og austsida der ho pressar seg ned Vettisgjeli mot Årdal. På kvar side av dette fossegjelet stig bratte fjellsider over 1000 meter til vers. På austsida av Utladalen stig landskapet opp mot dei høgste tindane innafor landskapsvernområdet; Stølsnostind (2074 m o.h.) og Falketind (2067 m o.h.)
Praktiske opplysningar
Overnatting og merkte stigar: Det er fleire turisthytter i landskapsvernområdet. Mange av desse er gamle stølar eller gardar som er restaurerte. Årdal Turlag driv hyttene i Avdalen og Gravdalen. Vetti gard og turiststasjon tek imot gjester nede på garden om sommaren og driv sjølvbetjeningshytta Ingjerdbu oppe på Vettismorki.
I Stølsmaradalen og på Skogadalsbøen (sjølvbetjent utanom sesongen) driv Den Norske Turistforening turisthytte. Vormeli er ei privat hytte som er open for overnatting. Alle ubetjente og sjølvbetjente hytter er låste med DNT sin universalnøkkel.
Det går eit nett av merkte stigar mellom hyttene innan landskapsvernområdet og til hytter i nasjonalparken. Velkommen til Utladalen landskapsvernområde!
Avdalen gard
Avdalen gard ligg fint til i fjellsida over vakre Avdalsfossen i Utladalen. Garden vart rydda på 1500-talet. I 1962 vart garden fråflytt, men er no restaurert og satt i stand til bruk for servering, overnatting, møte og samlingar. Sesong frå 22 juni til 6. september. Kvernhuset er i drift med maling av korn. Det er omlag 20 sengeplassar på garden. Årleg arena for det svært spesielle ”Avdalsblues” arrangementet. Tlf. 94 57 08 29.
Vetti
Dei fyrste sikre kjelder om Vetti Gard skriv seg frå 1120. Eit gardsbruk midt i Jotunheimen omringa av Utladalen sin dramatiske natur. Ein svært god turveg, Folkevegen, fører frå Hjelle fram til Vetti, og ein kan gå vidare på sti fram til Vettisfossen. Har vore gard og turiststasjon fram til 2001. No turistinformasjon og kafé m. sesong frå 22 juni til 1.september. I 1714 kom den fyrste av den noverande Vetti slekta dit, og hans soneson blei sjølveigar i 1775. Vetti har sidan tilhøyrt noverande eigars familie.
Vetti fekk på 1800-talet to husmannsplassar, Lauvhaug og Flaten, som gjerne vart driven av yngre bror av odelsbonden. Til saman utgjer Vetti og plassane ei grend som femner om eit areal på omlag 140 da.

Vettisfossen
Innerst i ”fossanes dal” finn me den største og mektigaste. av dei alle; Vettisfossen. Også kalla dronninga blandt fossane våre.
Nord-Europas høgste foss, har 275 meter fritt fall. Eit imponerande syn som tek pusten frå nokon og kvar. Vettisfossen vart freda i 1924 med pengar frå Den Norske Turistforening, DNT, og kongeleg resolusjon. Start turen frå parkeringsplassen ved Hjelle og følg Folkevegen fram til Vetti. I alt, ein tur på 1 1/2 - 2 timar. Møte med Vettisfossen er ei mektig oppleving, der inntrykk endrar seg etter kvart som ein nærmar seg foten av fossen. Og ser opp mot utspringet fleire hundre meter opp over det skålforma fossejuvet. Det tek omlag 1,5 time å gå frå parkeringsplassen ved Hjelle forbi Vetti gard og fram til foten av fossen. Me anbefalar og å ta turen opp til utsiktsrampa ved fossen sitt utspring på Vettismorki, ein tur på vel 1 time frå Vetti gard.

Ytre Moa
Vikinggarden Ytre Moa
Eit av dei største og mest komplette funn av eit gardsanlegg frå vikingtida (800-900 e. Kr.) som er gjort i Noreg, er gjort på terrassane på Ytre Moa i Øvre Årdal.
I samarbeid mellom Bergen Museum, Årdal Sogelag og ÅSV vart det på 1960-talet starta store utgravingar. Den viste ein gard som var dyrka opp, men fråflytta etter kort tid, truleg på grunn av vassmangel. Sidan har ikkje området vore dyrka, og det gamle gardsanlegget frå vikingtida er difor så godt som urørd.
Mykje av det gamle gardstunet har truleg rasa ut ved ein elveflaum i 1826. Likevel er det funne ei mengd hustufter, omlag 20 gravhaugar, ein bautastein og ei båtforma grav. Husa har hatt ei golvflate frå 30 til 45 kvadratmeter. Det torvkledde taket vart bore oppe av ein stolpekonstruksjon, veggane var mura av stein og torv, og midt i romet låg eldstaden. I taket slapp røyken ut gjennom ljoren.
I hustuftene har ein funne ei mengd restar etter kokekar, handkvern og verkty for hushald og gardsdrift. Her vart også funne bronsesmykke med dyremotiv. I den båtforma grava vart det funne glasperler og våpen, og restar etter båtsaum som kan tyde på at den døde vart brend i ein båt.

Indre Sogn
Reiselivet i Sogn er rikt på tilbod som er lagt opp til samspel mellom flott natur og rik kultur. Under linkane til våre nabo kommunar, vil ein finne god informasjon om eit utal av moglegheitar.
Breheimssenteret i Jostedal, Stavkyrkjene, Norsk Villakssenter, Sogn Folkemuseum, Flåmsbana og Nærøyfjorden er berre nokre av mange populære besøksmål. Nyt av Sogn!

Hjelle--Avdalen--Hjelle
Turen går frå Utladalen Naturhus, Informasjonssenter for landskapsvernområdet, og kryssar tre bruer over Utla. Opplev Avdalsfossen! Like etter tredje brua tek ein av til venstre ( god skilting), og går i stigning i ca. 35 min. Avdal Gard har servering og overnatting. Fine naturstiar frå garden.
Her finn ein geitekillingar, høns og hestar.
Ta med førar og opplev ein luftig tur til garden opp gjennom Avdalskåri.
Avdal Gard: tlf. 94 57 08 29

Hjelle--Gravdalen--Hjelle
Følgjer same veg som til Avdalen, og vidare langs sti til Vårstølen. Kryssar elva Slufsedøla og går vidare opp til Gravdalstølen, 850 m.o.h. Årdal Turlag har ubetjent hytte her. Kontakt Avdal Gard for leige, tlf. 94 57 08 29

Hjelle--Vettisfossen--Hjelle
Vi går etter "Folkevegen" til Vetti Gard og Turiststasjon, vidare på sti fram til Vettisfossen. Spanande og flott tur der ein får sjå fossen nedanfrå.

Årdalstangen - Byttejuv
Turen startar med bil frå Årdalstangen til Seimsdal, Etter ca 9 km biltur går turen vidare til fots frå ca 500 m.o.h. til ca. 1350 m.o.h. , Byttejuvet. Herifrå er det utsyn til Jostedalsbreen i vest, Hurrungane i nord, høgdene mot Filefjell i syd-aust, og eit flott syn over Øvre Årdal.

Hjelle - Hjelledalen - Vettismorki - Hjelle
Turen startar ved Hjelle, og følgjer sti oppover på austre ( venstre) side av Hjellefossen. Frå Hjelledalsbrotet er det flott utsyn over Utladalen.
Vidare til Heimre Hjelledalstølen, og etter god sti til Fremre Hjelledalen. Opp til Øytjern, 950 m.o.h. Vidare gjennom Morkaskaret og ned til Vettismorki. Her er det sjølvbetjent hytte. Vi anbefalar turen ut på "Utsikten" får å sjå Vettisfossen. Vidare etter stien ned Vettisgaldane til Vetti Gard og Turiststasjon. Følgjer så "Folkevegen " tilbake til Hjelle


Jotunheimen nasjonalpark
Jøtunheimen døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane, trolla, har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, og det namnet brukar vi i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa.
Jotunheimen, på fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane, er eit stort sett urørt fjellområde prega av majestetiske fjell og isbrear.

Det høgaste fjellet i Noreg, Galdhøpiggen (2 469 m o.h.) ligg i parken. Glittertind er med si iskappe på toppen berre nokre meter lågare. Men dei villaste og kvassaste tindane i Jotunheimen finn vi i Hurrungane.
Nasjonalparken har fleire store innsjøar, med Gjende som den største. Tilførsla av slamhaldig brevatn gjev Gjende ein smaragdgrøn farge på seinsommaren. Det djupblåe Bessvatn ligg like ved. Mellom dei to vatna går det ein merkt stig over den smale Besseggen, ein av dei mest vidgjetne attraksjonane i den norske fjellheimen.
Det var her, eller langs eggen av Knutshø på den andre sida av Gjende, at Peer Gynt gjennomførte det vågale rittet ned “Gjendin-eggen” på ryggen av ein reinsbukk.
Fleire vatn og vassdrag i Jotunheimen har godt aurefiske, særleg dei større sjøane. I mange av vatna og vassdraga vert det drive fiskekultivering.
Jotunheimen har sidan 1850-talet vore eit av dei mest populære områda i landet for fjellvandring. Hurrungane, med Store Skaga-
stølstind, er eit mekka for fjellklatrarar.
Praktiske opplysningar
I Jotunheimen nasjonalpark er landskapet med kulturminne og plante- og dyreliv freda. Vi må saman ta vare på denne verdfulle fjellheimen!

Du kan
• ferdast fritt og telte
• fiske og jakte etter gjeldande reglar
• plukke bær og sopp

Det er ikkje tillate å
• skade planter og uroe dyr unødig
• ureine og forsøple
• samle inn mineral og stein med hjelp av verkty
Velkommen til Jotunheimen nasjonalpark!


Aktivitetar
Den flotte naturen rundt oss er vår gåve og hovudarena. I tillegg har Årdal Kommune svært flotte bade og idrettsanlegg. Desse faktorane gjer at aktivitetstilbodet vårt er rikt og variert.
Årdal er der Sognefjorden går på land. Og det er inngangsportalen til Jotunheimen. Overgangen frå fjord til fjellheim gjev store moglegheiter for den som er glad i natur og friluftsopplevingar.
Friluftsbad både på Årdalstangen og i Øvre Årdal, grasbaner på begge plassar, i tillegg til oppvarma kunstgrasbane i ØÅ.
Ny aktivitetspark for born står snart klar på Årdalstangen, i samband med idrettsanlegget på Årdalstangen Stadion. Idrettshallar har ein og 2 av, der ØÅ i tillegg har 25x12.5 m basseng og 5m stupetårn. Vinterstid er skisentera i Fardalen og på Seimsåsen med bl.a lysløype flotte rekreasjonssenter.

Rundtur med bil

Med Årdal som base og utganspunkt er moglegheitene mange. Under vil du finne nokon av mange moglegheitar.
”Jotunheimen rundt”
”Tindevegen” Årdal-Turtagrø gjev moglegheit for å sjå fleire av Noregs høgste fjelltoppar. Etter å ha vore gjennom vakre Bøverdalen, kan ein vitje Norsk Fjellmuseum i Lom. Turen forset over Valdresflya , via Beitostølen til Fagernes. Deretter vestover mot Grindaheim og Tyin. Turen kan avsluttast over Tyin – Årdal med nedstigning frå 1000 til 0 moh i løpet av 15 min! ( Frå Tyin er E16 via Borgund Stavkyrkje, mot Lærdal og Årdal også ein moglegheit)
RUTE: Fjellvegen Årdal – Turtagrø (også kalla Tindevegen) – deretter Sognefjellsvegen (Rv. 55 til) ned vakre Bøverdalen og til Lom – Over Valdresflya (Rv. 51), via Beitostølen og til Fagernes – E16 frå Fagernes til Tyinkrysset – Rv. 53 Tyin-Årdal

”Nordsida rundt” A og B

Ein tur med fjell og fjord i den nordlege delen av regionen. ”Tindevegen” Årdal-Turtagrø byr på fleire av Noregs høgste fjelltoppar, før ein gradvis nærmar seg den vakre Lustrafjorden, ein sidearm av Sognefjorden.
A: Tek ein i Skjolden av mot Ornes, og køyrer sørsida av fjorden, kan ein vitje landets eldste stavkyrkje, Urnes Stavkyrkje, frå 1150.
Stavkyrkja er ein av fire norske på UNESCO`s liste over dei mest verdifulle kulturminne i verda. Sesong: 05.06.- 29.08. Opningstider: 10.30 - 17.30. Pris: kr 40,-vaksne, kr 35,-/10,- born/stud.
Det går ferje mellom Solvorn og - Ornes (Urnes Stavkyrkje) . Frå Solvorn går vegen via Hafslo og til Sogndal.
B: Ein kan også køyre ut denne vakre fjorden på nordsida, via Gaupne, deretter t/r til Informasjonssenteret og museumet for Jostedalensbreen Nasjonalpark. Deretter til Hafslo og Sogndal.
A og B: Deretter kryssar ein Sognefjorden på fergjesambandet Manhiller-Fodnes og returnerar til Årdal, der ”Sognefjorden går på land”.
RUTE A (Urnes stavkyrkje): Fjellvegen Årdal-Turtagrø (”Tindevegen”) – ned Sognefjellsvegen (Rv. 55) til Skjolden – så Fv 331 til Ornes – ferje Ornes-Solvorn – så Rv. 55 til Sogndal – E 5 over ferjesambandet Mannheller – Fodnes – så Rv. 53 til Årdal.
RUTE B (Jostedalsbreen)): Fjellvegen Årdal-Turtagrø (”Tindevegen”) – ned Sognefjellsvegen (Rv. 55), til Gaupne – t/r Fv. 604 – Rv. 55 Gaupne vi Hafslo til Sogndal – E 5 over ferjesambandet Mannheller-Fodnes – så Rv. 53 til Årdal.
”Sørsida rundt” – Tur med fjell og fjord i den sørlege delen. I Lærdal kan ein vitje Villakssenteret, før ferda går utover Lærdalsfjorden og så over ”snøvegen”. I nedstigninga mot Aurlandsfjorden, får ein kanskje det flottaste oversiktsperspektivet - nokon stad frå bilveg, over Sognefjorden. I Flåm kan ein sjå på cruisetrafikk og me anbefalar ein tur med Flåmsbana frå Flåm til Myrdal. På veg tilbake, går turen igjennom verdas lengste biltunel (24.5km), som i tillegg har ein svært spesiell lyssetting.
RUTE: Rv 53 mot Fodnes – så E16 mot Lærdal – vidare ut fjorden få kilometer til Erdal – så til ventre over Snøvegen – E16 til Flåm – retur E16 via Lærdalstunnelen og E 5 til Lærdal og Fodnes – så Rv. 53 inn til Årdal, der Sognefjorden går på land.

Friluftsbad og idrettsanlegg

Sidan dei vart bygde, har friluftsbada og idrettsanlegga vore viktig for bygdefolket og tilreisande. Sjå bildearkiv. Både storfine gjester som landslag, dei beste internasjonale klubblaga i kvinnehandball, utanlandske toppspelarar i fotball, Carl Lewis og lokale trimmarar og aktive har opplevd mange trivelege idrettsaugneblinkar her. Og når sant skal seiast, er vel vestibylen i Årdalshallen og friluftsbada våre dei mest populære møtestadene i bygda vår. Ein kan og nemna at årdølene har vore arrangør både for NM i friidrett og symjing, samt internasjonale stemner i t.d. handball, friidrett og sykling.
Årdal kommune har to friluftsbad. I Øvre Årdal er anlegget nyleg rehabilitert, og her finn ein eit 50 m - basseng, samt to mindre basseng for born. Det er og to kjempefine vass-sklier, samt garderobeanlegg. Vatnet kjem frå Hydro og er oppvarma til omlag 25 grader. Rundt bassenga er det eit nydeleg grøntareal, og alt ligg i tilknyting til folkeparken og idrettsanlegga.
På Årdalstangen er det og oppvarma vatn, og anlegget her inneheld eit 25 m - basseng m/stupetårn, samt to mindre basseng for born. Det er og eit fint grøntareal ved dette friluftsbadet, samt eit garderobeanlegg.
Om vinteren kan ein bade i Årdalshallen, der me har eit 25 m - basseng, med eit flott stupeanlegg.
Elles kan Årdal by på to grasbaner og ei oppvarma kunstgrasbane for fotball, to idrettshallar, to skisenter, skytebaner, ridehall og ridebane.

Jakt og fiske
Særskild informasjon om lokale tilhøve for jakt og fiske kan ein få ved å vende seg til Årdal Jæger og Fiskeforening eller til utsalsstadene for fiskekort. Generelt sett kan ein merke seg følgjande:

Kvar kan ein fiske?
På fjellet kan ein fiske i alle vatn og elvar som Årdal JFF leiger, d.v.s. elvar og vatn i områda kring Fardalsfjella, Sletterustfjella, Austre Statsallmenning, Berdalsvassdraget, Moadalen, Tyavassdraget frå demningen på Tyin til Torholmen og vidare ned til Øvre Årdal.
I Årdalsvassdraget kan ein fiske i Utla, Årdalsvatnet og Hæreidselvi.
I Hæreidselvi kan ein fiske på begge sider, og dette kan ein og gjere i Utla fram til Høljafoss.
Unntaket frå desse avgjerdene er fiske på privat eigedom. Sjå grensemerking, oppslag og kartskisser eller snakk med kjentfolk.

Fisketider
I fjellet kan ein fiske heile året.
I Årdalsvassdraget kan ein fiske frå 1. juli til 15. september ovanfor Svalheim bru. Nedanfor brua kan ein fiske fram t.o.m. 30. september.
I Torholmen på Sletterust kan ein fiske frå 15. juni t.o.m. 15. august.

Reiskap som kan nyttast
I fjellvatna generelt kan ein kun nytte oter og stong.
Generelt er garnfiske knytta til leige av hytte.Max 4 stk. garn er tilate pr. hytte og vatn.
Garnfiske er tillate når Årdal JFF informerer om dette.

Jakt og fiskehytter i fjellet
I området ved Sletterust finn ein hytter ved Sletterustvatn, Vasspollane, Skogsvatn, Buvatn, Mannsbergvatna, Krekjavatna, Kyrkjevatn, Kvannetjern og Trollsjøen.
I Fardalen finn ein hytte ved Gruvevatn.
Hyttene kan ein leige ved å vende seg til portvakta ved Hydro Aluminium, Årdal Metallverk.

Storviltjakt
Private grunneigarar i Årdal har jaktrettar på hjort, rein og elg.
Årdal Jeger og Fiskeforening
Årdal JFF er ei foreining som er tilslutta Norges JFF. Foreininga blei stifta i 1947 og organiserer i dag
omlag 5-600 jegerar og fiskarar. Ei av hovudoppgåvene er å tilretteleggje moglegheitene for rimeleg jakt og fiske innan Årdal kommune, og foreininga jobbar aktivt for å ivareta natur og miljø. Årdal JFF er såleis aktivt med som deltakar i Miljø-kommisjonen i Årdal. Ansvaret omfattar nærområda til elvar og vatn i kommunen.
Årdal JFF forvaltar over 200 000 da. småviltterreng, over 40 fjellvatn, store deler av Utla og Hæreidselvi, samt Årdalsvatnet.
Foreininga eig og driv Utla klekkeri og Settefiskanlegg, og har 11 jakt - og fiskebuer i Tyin / Sletterustområdet.
Årdal JFF har eigen leirduebane, og driv opplæring og kurs innan jakt og fiske. Lagshuset deira er Utlastova på Hjelle, der finn ein møtelokale, kontor, samt sanitæranlegg m/dusj.

Sykling i Utladalen
Fossanes dal, Utladalen, som er rikt beskriven og illustrert på desse sidene, er ein flott plass for ein sykkeltur der naturen vil være i fokus. Frå Årdal og til Hjelle er det vel 5 km. Den 4,5 kilometer lange vegen frå Hjelle til Vetti gard vart til etter 5 års dugnadsinnsats, og vert med rette kalla Folkevegen. 1500 årdøler teikna seg til dugnad, og etter 50.000 dugnadstimar i ulendt terreng kunne vegen opnast i 1977. Middels krevjande tur.
Gamlevegen til 1000 meteren
Sykkeltur ut flotte og luftige gamle Rv. 53 til utsiktpunktet 1000 meteren (ca 12 km). Ein heilt spesiell oppleving der ein ser ”taket” på Jotunheimen. Sjå elles bildearkiv. Middels krevjande tur.
Sykkelutleige på Damvoktaren (sjå under Overnatting).

Familieturar, lette turar

Utladalen:
Hjelle-Avdalen-Hjelle. Gå Folkevegen mot Vetti og ta av til venstre like etter Avdalsbrua. I Avdalen er det enkel servering sommarstid og høve til overnatting. Sjå anna informasjon om Avdalen. Turen tek omlag 2 timar t/r.
Folkevegen Hjelle-Vetti-Hjelle. Enkel servering sommarstid.
Frå Vetti kan ein ta turen vidare inn til Europas høgaste fossefall, Vettisfossen. Vegen/stigen går i vill og vakker natur, og ein kan oppleve 4 fossefall på turen. Turen tek omlag 3 timar t/r.
4 timar dersom ein tek turen til Vettisfossen.
Hjelle-Ramsøyni-Bru ved Dalenfeltet-Hjelle. Gå over bru ved Skår og ta av til venstre ved hytte og ned trapp til elva Utla. Turen tek omlag 3 timar t/r. Ein kan nytte parkeringsplassen ved Hjellefossen til alle desse turane.

Offerdalen:
Åsete-Bordhaug-Nystølen-Åsete. God stig i variert terreng.
Turen tek omlag 3 timar t/r.
Parkering i fyrste u-sving etter Ofredalstunnelen.

Holsbru:
Holsbru-Kvannetjønni-Holsbru. Stigen byrjar på baksida av brøytestasjonen, og turen tek omlag 1,5 time t/r.
Parkering ved brøytestasjonen.

Øvre Årdal:
Gamle “Tyinvegen”: Riksveg 53 - Heirsnosi - Riksveg 53. Privat bilveg opp til “Tusenmeteren”, med panoramautsikt til mange av fjelltoppane i Hurrungane og Øvre Årdal. Turen tek omlag 6 timar t/r. Parkering ved informasjonsskilt, “firehundremeteren”, riksveg 53.
Øvstetun gard - Blåberggruvene - Øvstetun gard. Gå vegen frå Øvstetun gard mot Turtagrø og ta av ved brua i 4. svingen. Følg god stig opp til Blåberggruva. Turen tek omlag 3 timar t/r. Parkering ved kyrkje-garden, omlag 200 m frå Øvstetun gard.

Årdalstangen:
Langs Årdalsvatnet til Loi. Turen kan gå vidare fram til den første, gamle tunnelen, og den tek omlag 1,5 time t/r. Parkering ved tilfluktsrom eller i enden av Årdalsvatnet ved brua.
Turar som krev litt trening

Moadalen:
Moa - Holsbru. Stig som vart mykje nytta fram til Moadal-vegen kom. Turen tek omlag 3 timar ein veg. Som alternativ, kan ein ta av ca. 15 min. frå Moa-Fugleåsen-Åsen-Fugleåsen-Moa. Parkering yttarst på “Moabresten” ved gammal sag. Ein kan eventuelt ta buss opp til Holsbru og gå ned til Moa.

Seimsdalen:
Horgi rundt; Feningdalen-Feninga-Hovden-Sjursete-Strupene. Rundturen tek omlag 3 timar. Strupene-Skor-Skard-Byttegjuvet-Skor-Strupene. Turen tek omlag 4 timar t/r. Fine turstigar i variert terreng med panoramautsikt mot Jotunheimen. Parkering ved snuplass der vegen endar (privat veg).

Eldegarden:
Riksveg 53 ved Brennborg-Eldegard-Løst-riksveg 53 ved Steigene. Fin tursti med utsikt mot freda furutre under kraftlinje mellom Eldegard/Vardenosi. Turen tek omlag 3 timar. Ein kan og gå slik: Eldegard - Onsete - Liastølane - Freda furetre - Kvernli, eller gå frå Løst mot Melseter. Parkering ved riksveg 53 ved Brennborg, mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Sletterust:
Sletterust-Mannsbergvatnet-Kyrkjevatnet-Skredshaugdokki-Hjelledalen-Hjelle. Turen tek omlag 6 timar. Ein kan og ta av når ein kjem til fremre Hjelledalen og gå slik: Øytjørn-Morkaskaret-Vettismorki-Vetti-Hjelle (8 timar). Den beste transportløysing vil vere å ta buss til Sletterust og nytte evt. bil frå Hjelle.

Årdalstangen:
Kolnostunnelen-Nosabøen-Kolnostunnelen. Turen tek omlag 3 timar ein veg. Ein kan og gå slik: Nosabøen-Øyestølen-Årdalsnosi-Årøydalen-Årøyni. Parkering ved Kolnostunnelen.

Utladalen:
Hjelle-Vetti-Brendeteigen-Stølsmaradalen-Avdalen-Hjelle. Turen tek omlag 8 timar t/r. Hjelle-Vetti-Vettisfossen-Vettismorki-Hjelledalen-Hjelle. Turen tek omlag 6 timar. Ein kan og gå frå Vettismorki slik: Fleskedalen-Friken-Skogadalsbøen. Parkering ved Hjellefossen.

Vikadalen:
Kvitingsagi-Kvittingsmorki-Storevatnet-Kraftstasjon-Vikadalen. Turen tek omlag 8 timar. Ein kan og gå slik frå Storevatnet: Smørhola-Liastølan (Bjødnabykset)-Kammen-Drognekleivholten-Naddvik. Parkering ved privat hytte ved riksveg 53 (Vikadalen-Fodnes), omlag midt mellom tunnelane.

Fardalen:
Skihytta-Åsete-Åsetevatn-Gravdalen-Avdalen-Hjelle. Merk at brua over elva er ved sel i Gravdalen. Turen tek omlag 6 timar, og ein kan parkere ved Skihytta, omlag 1 km frå Åresete.
Holseter gard-Li-Osestølen-Hyttefjellet-Hytta-Skihytta-Holseter. Turen tek omlag 6 timar. Ein kan og gå slik frå Osestølen:
Ormsete-Voss-Feninga-Seimsdalen. Parkering ved Holseter gard. Haug gard-Botnanosi-Bergastølen-Tronteigen. Turen tek omlag 5 timar.

Seimsdalen:
Kletta-Storevarden-Slettedalen-Nystølen-Bordhaug-Åsete. Turen tek omlag 5 timar. Parkering ved snuplass der vegen endar (privat veg). Evt. biltransport frå Åsete i Offerdalen.
Strupene-Skor-Skard-Lindvikdalen-Lindviki-Årdalstangen.
Turen tek omlag 6 timar. Parkering ved snuplass der vegen endar (privat veg).

Turtagrø:
Turtagrø-Tindeklubbhytta-Skagastølsbu-Midtmaradalen-Snørestøet-Stølsmaradalen-Brendeteigen-Vetti-Hjelle. Turen tek omlag 11 timar og vert tilrådd med kjentmann. Beste transportløysing: Buss til Turtagrø og evt. bil frå Hjelle.
Anna informasjon om krevjande turar, fjellføring og kurs kan ein få ved å vende seg til Vest-Jotunheimen Fjellføring ANS, Ålmenhagen 14, 6884 Øvre Årdal (tlf. 94 57 84 94).

Årdal Turlag
Årdal Turlag (ÅT) vart stifta i 1973 og er eit lag som fyrst og fremst har sitt virke innan Årdal kommune. ÅT er medlem av Den Norske Turistforening. Laget har omlag 300 medlemmar.
ÅT arrangerer turar i nærområda, årleg mellom 15 og 20 fellesturar. I tillegg organiserer ÅT trimpostar i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Desse har vorte svært populære og gjer at mange tek turen ut i den fine naturen.
ÅT legg vekt på å rydde og merke stigar i nærområda, slik at ein held desse i hevd og gjer at dei kan nyttast i framtida. ÅT tek og del i restaureringsarbeid. Både i Gravdalen og i Hjelledalen er det utførd restaureringsarbeid, slik at viktig bygningsmasse vert teken vare på.
Det viktigaste restaureringsarbeidet er utførd på Avdalen gard. Denne er no istandsett slik den var i den tida det var gardsdrift her. Garden er open for servering og overnatting i sommarsesongen. I tillegg har ÅT ansvar for ein del klopper i nedre Utladalen.
ÅT har fleire undergrupper:
Fjellsportgruppa har mellom anna innandørsklatring i Årdalshallen på programmet, samt spennande aktivitetar i eit klatrefelt på Ytre Moa.
Mosjonsskulen er eit tilbod til dei som ynskjer eit treningsopplegg om vinteren.
Familiegruppa arrangerer turar og tilstellingar slik at heile familien kan komme ut på tur.
ÅT tok og del i registreringsarbeidet som førde til opprettinga av Utladalen landskapsvernområde.

Der Sognefjorden går på land....
Årdal ligg inst i Sognefjorden og dannar porten til Jotunheimen frå vest. Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal, med eit folketal på til saman rundt 6000. Dei to tettstadene er omkransa av dei mindre stadane: Naddvik, Offerdal, Seimsdal, Fardal, Utladal og Vetti. Årdal er eit samfunn med kontrastar. Her finn ein eit topp moderne industrisamfunn, medan ein på den andre sida finn velstelte gardsbruk med gamle romantiske hus og naust ved fjorden, skogsdrift og fiske i elv og innsjø. Dessutan Jotunheimen sin dramatiske natur med fjelltindar, bratte fjellsider og høge fosse-fall. Årdal har eit mildt klima og lite nedbør. Med den storfelte Jotunheimen som næraste nabo, ligg tilhøva særs godt til rette for avstressande rekreasjon og friluftsliv sommar og vinter.
Ein tredjedel av Årdal kommune sitt areal er verna område: Jotunheimen nasjonalpark, Utladalen landskapsvernområde og Kvitingsmorki naturreservat. Vettisfossen vart verna i 1924. Gjennom organisasjonen Årdal Tenk Tryggleik har bygda tiltak som sikrar eigne innbuarar og tilreisande. De vil på desse sidene finne informasjon om aktivitetar, turforslag, arrangement og anna.