Rom 1

Rom 2

Rom 3

Ok

Bestill ditt selskap/arrangement i tide

 Eit nydeleg minne frå Kine og Tim si bryllaupsfeiring ved Klingenberg Hotel i fjor. FOTO: Christian Blom

Eit nydeleg minne frå Kine og Tim si bryllaupsfeiring ved Klingenberg Hotel i fjor. FOTO: Christian Blom

Er det noko me likar her på Klingenberg Hotel, så er det å hjelpa gjestene våre med å markera spesielle dagar i livet på høveleg vis.

 Frå Kine og Tim sin store dag. Foto: Christian Blom

Frå Kine og Tim sin store dag. Foto: Christian Blom

I periodar opplever me stor pågang når det gjeld selskap, lukka lag og andre samankomstar - så difor vil me oppfordra alle som går med planar om ei større feiring i 2019 om å vera ute i god tid med bestillinga. Ta gjerne kontakt alt no, slik at me kan reservera dato, lokale og personale. Me legg oss i selen for det meste - frå bryllaup, festmiddagar, runde dagar og jubileum til alt i mellom. Me skreddarsyr menyar, organiserer gjerne aktivitetar og kan til dømes inkludera Eldhuset i eit program her på huset. I tillegg tek me godt vare på gjester som treng overnatting. 

Velkomen til feiring ved Klingenberg Hotel!