Er du vår nye daglege leiar?

utlysing DAGLEG LEIAR KLINGEN juli 2019.png

Spennande leiarstilling for reiselivskonsern i Årdal i Indre Sogn. Aktuelle arbeidsoppgåver er dagleg drift og utvikling av overnattingsverksemdene Klingenberg Hotel, Sitla Hotel og Vetti Gard Turiststasjon. Klingenberg Hotel AS er hovudarbeidsgjevar.

Personlege eigenskapar:

-          Me ser etter deg som er klar til å ta neste steg i karrieren, der det fell deg lett å ta ansvar, leia og rapportera til styret

-          Du har eit ønskje om å oppnå nye mål for verksemda

-          Du jobbar sjølvstendig, nøyaktig og effektivt

-          Du samarbeider godt i team med andre

-          Du er utadvend og motiverande

Kompetanse:

-          Gjerne leiarerfaring, men ikkje ein føresetnad

-          Gjerne erfaring frå booking/resepsjon/marknadsføring

-          Norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Klingenberg Hotel kan tilby:

-          Sentral rolle i Klingenberg Hotel si spennande verksemd

-          Gode lønsvilkår for rett person

-          Hus til disposisjon

-          Godt arbeidsmiljø med trivelige kollegaer

-          Ein hektisk og spennande arbeidskvardag

Klingenberg Hotel er eit heilårsdrive hotell på Årdalstangen, og ein viktig aktør innanfor den heilskaplege reiselivssatsinga i Årdal kommune. For den friluftsinteresserte kan Årdal by på unike moglegheiter for aktivitetar utandørs, med nærleik til både fjord, elv og Vest-Jotunheimen. Følg lenkjene nedanfor for meir informasjon om hotellet, våre aktivitetar og samarbeidspartnarar:  

www.klingenberghotel.no

www.vettisriket.no

 

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Erling på tlf 456 06 908 eller per epost.

Er du personen me ser etter så send søknad til:erling@klingenberghotel.no

Frist: 15. august 2019