Er du vår nye servitør?

DSC_6085.jpg

Klingenberg Hotel søkjer serviceinnstilt servitør til spennande stilling. Aktuelle arbeidsoppgåver er servering og barkeeping både i samband med dagleg drift og større arrangement.  

Personlege eigenskapar:

-          Du er fleksibel, kvalitetsbevisst og har godt humør

-          Du jobbar sjølvstendig, nøyaktig og effektivt

-          Du samarbeider godt i team med andre

-          Du er ryddig, ansvarleg og positiv

-          Du er over 20 år

Kompetanse:

-          Norsk og engelsk skriftleg og munnleg

-          Gjerne fagbrev, men opplæring vil bli gitt

-          Gjerne erfaring frå restaurant

-          Gjerne erfaring frå barkeeping

Klingenberg Hotel kan tilby:

-          Deltaking i Klingenberg Hotel si spennande verksemd

-          Løn etter tariff

-          Opplæring

-          Godt arbeidsmiljø med trivelige kollegaer

- Stillingsbrøk: 70% med moglegheiter for meir

Klingenberg Hotel er eit heilårsdrive hotell på Årdalstangen, og ein viktig aktør innanfor den heilskaplege reiselivssatsinga i Årdal kommune. For den friluftsinteresserte kan Årdal by på unike moglegheiter for aktivitetar utandørs, men nærleik til både fjord, elv og Vest-Jotunheimen. Følg lenkjene nedanfor for meir informasjon om hotellet, våre aktivitetar og samarbeidspartnarar:  

www.klingenberghotel.no

www.vettisriket.no

 

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Sissel på tlf 57665800 eller per epost.

Er du personen me ser etter så send søknad til:  sissel@klingenberghotel.no

Søknadsfrist: 13. desember 2018