Spennande stilling som restaurantsjef er ledig

utlysing restaurantsjef KLINGEN aug 2019.png

Til stillinga som restaurantsjef søkjer me deg som er serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og effektiv. Du er ansvarsfull og engasjert med ei genuin interesse for og god kunnskap om mat og drikke. Som leiar er du tydeleg, ryddig og inkluderande. Stillinga inneber mellom anna praktisk servitørarbeid, dagleg oppfølgjing av rutinar og personale, booking og tilrettelegging av selskap/eventar, vaktliste og varebestilling.

Krav til kompetanse

  • Servitør/kokk med fagbrev

  • Norsk og engelsk skriftleg og munnleg

  • Gjerne erfaring frå liknande leiarstilling innan servering, reiseliv og storhushald

  • Gjerne erfaring frå arrangementsleiing

  • Økonomisk forståing

Personlige egenskaper

  • Du er fleksibel, kvalitetsbevisst og har godt humør

  • Du jobbar sjølvstendig, nøyaktig og effektivt

  • Du samarbeider godt i team med andre og på tvers av avdelingar

  • Du er ansvarleg og positiv med stor arbeidskapasitet

  • Du er motiverande og løysingsorientert

  • Du er over 20 år

Me kan tilby

  • Fast jobb i 100% stilling

  • Løn etter avtale

  • Opplæring

  • Deltaking i hotellet sine avdelingsmøte og i leiargruppa

  • Trivelige kollegaer i eit ambisiøst arbeidsmiljø

  • Naturopplevingar i verdsklasse i ei bygd med sterkt samhald

  • Hjelp til å finna bustad

Er du den rette? Send ein søknad til Erling Eggum innan 9. september til epost: erling@klingenberghotel.no