Om Klingenberg Hotel


Klingenberg Hotel si historie strekker seg heilt tilbake til 1861. Det året etablerte Jens Jensson Klingenberg, også kjend som Store-Jens, ein skysstasjon der han tilbydde overnatting og skyssteneste til besøkande på Årdalstangen.

Den første skysstasjonen var eit gardshus som hadde blitt flytta frå "Bortigarden" på Hæreid til Solstrand på Lægreid. Denne staden utvikla seg gradvis i takt med eit aukande tal besøkande, og gjestelista over kjende personar frå både Noreg og utlandet er lang med namn som Edvard Grieg, William Cecil Slingsby og Fridtjof Nansen. 

Om lag 40 år seinare, i 1900, vart eit nytt hotell bygd ved sida av gardshuset. 60 år seinare vart så eit nytt og moderne hotell bygd på kaien på Årdalstangen, og det er dette hotellet som er Klingenberg Hotel i dag.

Tidsline

1861 Skysstasjonen vart etablert

1900 Nytt hotell i "sveitser-stil" vart bygd

1960 Den gamle bygningen vart riven; eit nytt hotell i funkis-stil vart bygd og flytta til dagens lokasjon ved fjorden på Årdalstangen 

1974 15 nye rom vart bygd, i tillegg til restaurant og pub

1988 Hotellet vart modernisert og det vart bygd ytterlegare 10 rom i tillegg til hage/park utanfor

2000 Ny restaurant, salong og bar med fasade mot fjorden

2007 Ny kafè/restaurant og pub med uteservering og fasade mot torget

Eigarar

1861 - 1895 Jens Prestegard Klingenberg (Store-Jens)

1895 - 1922 Jens Klingenberg (Lille-Jens)

1922 - 1943 Jensina Klingenberg (Sina)

1943 - 1976 Karen Klingenberg Holmestad

1976 - 1985 Bjørklund A/S v/ Jan Lea

1985 -          Klingenberg Hotel AS v/ Eggum/Tjelta-familien

Opningstider finn du HER.